AddToAny

Forsking med brukarar kan gi forbetra kvalitet på kols-tenester

Forsking med brukarar kan gi forbetra kvalitet på kols-tenester
Eit prosjekt der brukarar og tenesteytarar var medforskarar, identifiserte sårbare område, unytta ressursar og uimplementerte retningsliner i kols-omsorga.
Brukarar av helsetenester eller pasientar (heretter kalla brukarar) vert i aukande grad involverte i fagutvikling og forsking, og eit formalisert samarbeid med «dei det gjeld», er no eit krav i søknader om forskingsmidlar (1, 2). Brukarmedverknad kan gi nye perspektiv og problemstillingar som er viktige bidrag til kunnskapsbaserte helsetenester, men det krev tilrettelegging og sterk involvering dersom medverknaden skal vere reell (3, 4).

I Noreg er det mest i helseforsking innanfor psykiatri- og rusfeltet ein har nytta brukarinvolvering (5, 6), og i mindre grad i somatikken. I denne artikkelen formidlar vi erfaringar og nokre resultat frå samarbeidsforsking på feltet kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols).

Forfattarane har tidlegare arbeidd med oppfølgingstenester for personar som lever med kols, og vi har sett verdien av å nytte brukarkunnskap når ein utviklar slike helsetenester. Tilboda om oppfølgingstenester på kols-feltet er mangelfulle, og langtidsutbytet av eksisterande tenester er usikkert (7-10). Vi hadde òg erfart at eksisterande tilbod vart for lite nytta.

Samhandlingsreforma (11) har som mål å utvikle meir pasientsentrerte tenester, å betre samhandlinga mellom tenester og mellom tenestenivå, og å gi kommunane meir ansvar for oppfølginga av langvarig sjuke. På kols-feltet kom det ei ny nasjonal fagleg retningsline i 2012 (10). Det er enno ikkje gjort nasjonal evaluering av desse tenestetilboda etter samhandlingsreforma og dei nye kols-retningslinene.

Spørsmåla vi stilte oss, var følgande: Korleis er situasjonen for denne gruppa etter samhandlingsreforma og nye nasjonale retningsliner? Korleis kan vi bidra til kvalitetsutvikling av tenestene? Dette prosjektet vart planlagt og gjennomført i samarbeid mellom brukarar, tenesteytarar og forskarar.

Kva er kols?

Kols er den fjerde hyppigaste dødsårsaka i verda, og sjukdommen representerer ei stor utfordring for samfunnet og dei som lever med han. Kols progredierer, gir degenerering av respirasjonssystemet, og forverringsepisodar og komorbiditet som hjartesjukdom, vekttap, fatigue, smerter, depresjon og angst reduserer livskvaliteten til den enkelte. Typiske symptom er dyspnoe, hoste, auka slimproduksjon og nedsett funksjonsnivå (7).

Kols er den fjerde hyppigaste dødsårsaka i verda.

Kols kan ikkje lækjast, men tilpassa farmakoterapi og eigenomsorg, rehabilitering og pasientopplæring, i tillegg til oppfølging, kan redusere symptom, forverringsepisodar og progresjon, og betre livskvaliteten til den enkelte (7).

Ulike tilbod

Det er utarbeidd nasjonale og internasjonale retningsliner for behandling og oppfølging (7-10). Dei nasjonale retningslinene (10, s. 61) har spesifikke tilrådingar for oppfølging i stabile fasar, der hovudinnhaldet er

oppfølging hjå allmennlege ein til to gonger årleg og innan fire veker etter sjukehusinnlegging

røykeslutthjelp når det er aktuelt

tilvising til fysioterapi ved moderat og alvorleg kols

tilvising til ergoterapi dersom pasienten har vanskar med å greie daglege aktivitetar

tidleg opplæring og motivering til livsstilsendring

tilbod om rehabilitering etter sjukehusinnlegging på grunn av forverring

rehabiliteringstilbod i alle kommunar

spesialiserte rehabiliteringstilbod ved alle helseføretak etter ei tverrfagleg vurdering

I Noreg er rehabilitering, pasientopplæring og oppfølging ulikt organisert i dei ulike kommunane og helseføretaka: lokalmedisinske senter, kols-meistringskurs i kommunar, lærings- og meistringskurs (LMS) i spesialisthelsetenesta, rehabilitering i helseføretak og i regi av pasientorganisasjonar, og kontrollar i helseføretak eller hjå fastlege.

Samarbeidsforsking

Kols-retningslinene tilrår òg opplæring til eigenomsorg (10). Sjukdomsspesifikk og samarbeidsbasert eigenomsorg er ein v

Les mer

Flere saker fra Sykepleien

Andrzej Gorecki er sykmeldt, men får ikke sykepenger. Han forstår ikke hvorfor.
Sykepleien 20.02.2024
Kanskje er det alderen, men jeg klarer bare ikke å mønstre den store begeistringen for den siste kunstig intelligens-bølgen.
Sykepleien 06.12.2023
Det finnes ikke en stor reserve av sykepleiere, viser denne studien. De aller fleste har relevante stillinger, selv om de ikke arbeider med direkte pasientkontakt.
Sykepleien 13.10.2023
DU VET KANSKJE at du har pensjonen din i KLP og at du har «offentlig tjenestepensjon», men vet du hva dette egentlig betyr for deg?
Sykepleien 13.10.2023
Sykepleie er som jazz. Hva kjennetegner jazz? Improvisasjon.
Sykepleien 28.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt