Uniforum
15.03.2018
Det norske institutt i Aten må få redusert budsjettramme og tydelegare definerte oppgåver. Dersom dette ikkje let seg gjera, bør instituttet leggast ned, er rådet til Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen.
PARTHENON: Biletet viser tempelet Parthenon, som ligg på Akropolis i Aten.
Les merFoto: flickr.com/Michael Supertramp
Dette er tilrådinga i ein rapport som er laga på oppdrag frå Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo etter at både NTNU og Universitetet i Tromsø har valt å trekkja seg frå samarbeidet om senteret, som vart oppretta i 1989.
- Utifrå den bruken som er i dag, meiner me at det ikkje er formålstenleg å gi meir ressursar til senteret enn me gir i dag, seier Margareth Hagen til På Høyden.
Ho er prorektor ved UiB og har leia arbeidsgruppa som har laga rapporten.
Betalar 1,4 mill
UiT trekte seg ut med verknad frå 1. januar i år. Summen universitetet har betalt til det norske instituttet har vorte delt med dei andre. Det betyr at UiB sin del i år har auka med nesten 300 0