I Domus Bibliotheca deltok ho i ein panelsamtale med valforskaren Bernt Aardal, statssekretær Narum i Kommunal- og distriktsdepartementet og politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen.
Ordstyrar var Jette Christensen som leier Riksvalstyret. Sjølv om temaet var kven som tok valet, handla debatten i stor grad om valdeltaking og kva grupper som deltar og ikkje deltar i val.
Utgangspunktet var rapporten Tilstandsanalyse av det norske demokratiet, som blei lagt fram under Arendalsuka i sommar. Og Sirianne Dahlum var ein av forskarane som forfatta rapporten.
Der var hovudresultatet at demokratiet i Noreg hadde jamt høg kvalitet, ulike dimensjonar og nivå. I tillegg blei det registrert svært høg grad av stabilitet. Det var gode grunnar til å rekna med same bilete i åra som kjem. Likevel var demokratiet langt frå perfekt, og det var mange område der det kunne bli betre, var konklusjonen.
I PANELET: F.v. Sirianne Dahlum, Tone Sofie Aglen, Ole Gustav Narud og Bernt Aardal. (Foto: Ola Gamst Sæther)
- Me kan ikkje forby nokon å påverka
Jette Christensen viste til den gamle nestoren i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, Stein Rokkan: - Stemmer tel, men resssursar avgjer.
Det var det som fekk Sirianne Dahlum til å koma med ei løysing på det problemet.
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg i riktig retning, sa ho.
Alle paneldelt