AddToAny

Brev fra mamma

Brev fra mamma
Eg gløymer aldri den kjensla eg sat att med då me måtte kjøyre heimatt med ein tom bag i baksetet, skriv Berit Haugen til si dotter Karin.
Du vart fødd på Gol sjukestugu etter eit heilt normalt svangerskap og ein veldig lett fødsel. Du vart undersøkt før me reiste heim, og det var ingen mistanke om at det kunne vera noko med deg.

Månadene gjekk, eg var i arbeid, og me budde på Gol. Me fekk den gang berre tre månader svangerskapspermisjon, og eg hadde ei ung jente som barnepike. Ho hadde deg ofte med heim til seg. I mars i 1968 seier ho ein dag at mor hennar syns det var noko rart med den eine foten din. Det same hadde eg lenge lurt på, for det virka som at høgrefoten din var kortare. Du hadde lenge reist deg og gjekk når me heldt deg. Men da virka det som du var skakk. Og du var ikkje noko ivrig på at du ville gå.

Når andre då gjorde meg merksam på at det kanskje var noko som var feil, handla eg fort. På ettårsdagen din tok eg deg med til legen. Eg sa kva eg mistenkte, og han undersøkte deg. Då han hadde gjort det, sa han ikkje eit ord, tok berre telefonen og ringde Sophies Minde for å bestille ein time der. Me fekk time fort, og 4. april køyrde onkel oss til Oslo. Der vart det røntgen og undersøkelse, og med ein gong stadfesta at mistanken var rett.
Alt gjekk deretter forferdeleg raskt, for sjukehuset syns det var fælt at me skulle måtte reise heim med deg berre for å koma tilbake inna kort tid. Du vart derfor innlagt same dag på barneavdelinga på Sophies Minde.

Eg gløymer aldri den kjensla eg sat att med då me måtte kjøyre heimatt med ein tom bag i baksetet. Den gongen var det ikkje barnesete, så me hadde deg i bagen til barnevogna.

Du vart lagt i strekk for at hoftekula skulle koma på plass. Du låg med foten i «eit eller anna» festa til ein liten talje med lodd i enden. Du var òg bunden til senga ved at du hadde på deg eit slags overliv (eg vil kalle det ei tvangstrøye) med band som var knytt til senga. Der låg du natt og dag på ryggen i fire veker. Ein aldeles forferdeleg tilstand for ein ettåring. Me besøkte deg, men det var ikkje mange gongene. For sjukehuset var ikkje no glad i foreldre som var der for ofte. Ungane vart urolege av det.

Når me var hjå deg, så virka du apatisk. Kva var årsaken til det? Eg få
Gå til mediet

Flere saker fra Sykepleien

Andrzej Gorecki er sykmeldt, men får ikke sykepenger. Han forstår ikke hvorfor.
Sykepleien 20.02.2024
Kanskje er det alderen, men jeg klarer bare ikke å mønstre den store begeistringen for den siste kunstig intelligens-bølgen.
Sykepleien 06.12.2023
Det finnes ikke en stor reserve av sykepleiere, viser denne studien. De aller fleste har relevante stillinger, selv om de ikke arbeider med direkte pasientkontakt.
Sykepleien 13.10.2023
DU VET KANSKJE at du har pensjonen din i KLP og at du har «offentlig tjenestepensjon», men vet du hva dette egentlig betyr for deg?
Sykepleien 13.10.2023
Sykepleie er som jazz. Hva kjennetegner jazz? Improvisasjon.
Sykepleien 28.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt