AddToAny

Samvær med læraren er eit relevant bidrag i arbeidet med psykisk helsefremming i skulen

Samvær med læraren er eit relevant bidrag i arbeidet med psykisk helsefremming i skulen
Læraren har stor påverkingskraft gjennom sin veremåte. Samvær med læraren medfører såleis både modell-læring og normativ læring for elevane. Arbeidet med psykisk helsefremming i skulen må ta dette som utgangspunkt.
Det er vedteke at livsmeistring og psykisk helse er eit tema som skal inn i skulen, meir eksplisitt enn før (Kunnskapsdepartementet, 2016). Mange er engasjerte i den pågåande diskusjonen om korleis dette vedtaket skal konkretiserast, om kva som skal vera innhaldet i det elevane skal læra, om kor vidt psykisk helse og livsmeistring skal vera eit eige fag på timeplanen eller om det skal «smørjast tynt utover» i alle fag (Klomsten, 2017). Og ikkje minst, om kva konsekvensar denne satsinga får for behovet for kompetanse hjå lærarar og lærar-studentar (Uthus, 2017).

Kvifor om livsmeistring og psykisk helse i skulen?

Før ein arbeider fram slike praktiske løysingar, er det viktig å dvela ved grunnlaget for satsinga, slik at dei involverte kan få ei nokolunde felles forståing om behov og målsetting. Då vil ein lettare koma fram til relevante middel for å lukkast med satsinga.

Noko av bakgrunnen for vedtaket om at psykisk helse og livsmeistring skal få større plass i skulen, er ulike rapportar om auke i psykiske vanskar mellom barn og unge (Bakken, 2016, Sletten & Bakken, 2016). Fleire og fleire ungdommar opplever at dei ikkje strekker til, og kjenner seg overvelda av eit konstant forventingspress om kva dei skal vera, prestera og delta i (Eriksen mfl. 2017). Det er til dels uklart kvar presset kjem frå og i kva grad det er sjølvpålagt, men det er ikkje tvil om at ein betydeleg del av presset har samanheng med skulestress (Lillejord mfl. 2017).

I den unge-vaksne befolkninga, er det ei auk-ande gruppe som ikkje deltek i arbeidslivet. Psykiske helsevanskar er ei vesentleg årsak til at folk er sjukmelde og uføretrygda i Noreg (Folkehelseinstituttet (2016). Parallelt med denne auken av vanskesymptom er det også blitt meir vanleg å snakka om psykiske vanskar. Psykisk helse er blitt eit stadig omtalt tema i folkehelsearbeidet, både omkring behandling og i helsefremjande arbeid.

Psykisk helse og livsmeistring er ikkje noko nytt fenomen. Korleis ein har det i livet har alltid vore viktig for menneska, sjølv om ein ikkje brukar så mange ord og omgrep om det. Det at livsmestring og psykisk helse no får ein tydelegare plass i skulen, er ei presisering av det som lenge har stått i skulen sin formålsparagraf. Livsmeistring og psykisk helse handlar om å meistra sitt eige liv, delta i arbeid og fellesskap, og slik få utfalda sitt potensial som menneske. Det at vår offentlege skule har dette med i formålsparagrafen, er eit uttrykk for verdiar og menneskesyn i vårt samfunn.

Godt psykososialt miljø - atmosfæren vi pustar i

Kva kjenneteiknar ein psykisk helsefremjande skule? Sidan vi er så mykje meir vane med å forholda oss til fysisk helse, kan det vera nyttig å samanlikna våre psykiske behov med dei fysiske. Eit godt fysisk arbeidsmiljø i skulen omhandlar mellom anna luftkvaliteten i klasserommet. Det viktige er at elevar og lærarar skal ha ei sunn og god luft å pusta i, og det er underordna kor godt elevane og lærarane kjenner til alle detaljane om dei ulike partiklane som finst i lufta.

Slik er det også når det gjeld å leva i eit psykisk helsefremjande miljø. Det som er viktig, er at elevane opplever eit godt psykososialt miljø, meir enn at dei får fagkunnskap om temaet. Og det er ikkje slik at om ein har kunnskap om psykisk helse, så medfører det at ein sjølv har ei god psykisk helse. Psykisk helse handlar mykje om opplevinga av at grunnleggjande psykologiske behov er ivaretatt i kvardagen.

Difor er det viktig at lærarar veit kva som kjenneteiknar eit godt psykososialt klasse-miljø og kor

Les mer

Flere saker fra Bedre Skole

Pandemi og lærerstreik har aktualisert konsekvensene av at mange elever mister deler av sin skolegang. Ofte reises da spørsmålet om hva dette gjør med de utsatte elevene.
Bedre Skole 10.11.2022
Når en googler begrepet læringsidentitet, er det denne boka som kommer opp. Begrepet er altså helt nytt, og hva det egentlig betyr, må en bare gjette seg til før en åpner boka.
Bedre Skole 10.11.2022
Merethe Roos, professor i historie ved Universitetet i Sørøst-Norge, gjør noe så spennende og sjeldent som å kombinere ulike undervisningsopplegg i
Bedre Skole 10.11.2022
Skoler som setter i verk helt like tiltak, vil ofte ende opp med helt ulikt resultat. Et forskningsprosjekt satte seg fore å finne ut hvorfor.
Bedre Skole 10.11.2022
Som leser og lærer er det lett å være enig i forfatternes utsagn om at skolevegring er et mysterium.
Bedre Skole 10.11.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt