Bedre Skole
16.03.2018
Læraren har stor påverkingskraft gjennom sin veremåte. Samvær med læraren medfører såleis både modell-læring og normativ læring for elevane. Arbeidet med psykisk helsefremming i skulen må ta dette som utgangspunkt.
Det er vedteke at livsmeistring og psykisk helse er eit tema som skal inn i skulen, meir eksplisitt enn før (Kunnskapsdepartementet, 2016). Mange er engasjerte i den pågåande diskusjonen om korleis dette vedtaket skal konkretiserast, om kva som skal vera innhaldet i det elevane skal læra, om kor vidt psykisk helse og livsmeistring skal vera eit eige fag på timeplanen eller om det skal «smørjast tynt utover» i alle fag (Klomsten, 2017). Og ikkje minst, om kva konsekvensar denne satsinga får for behovet for kompetanse hjå lærarar og lærarstudentar (Uthus, 2017).
Kvifor om livsmeistring og psykisk helse i skulen?
Før ein arbeider fram slike praktiske løysingar, er det viktig å dvela ved grunnlaget for satsinga, slik at dei involverte kan få ei nokolunde felles forståing om behov og målsetting. Då vil ein lettare koma fram til relevante middel for å lukkast med satsinga.
Noko av bakgrunnen for vedtaket om at psykisk helse og livsmeistring skal få større plass i skulen, er ulike rapportar om auke i psykiske vanskar mellom barn og unge (Bakken, 2016, Sletten & Bakken, 2016). Fleire og fleire ungdommar opplever at dei ikkje strekker til, og kjenner seg overvelda av eit konstant forventingspress om kva dei skal vera, prestera og delta i (Eriksen mfl., 2017). Det er til dels uklart kvar presset kjem frå og i kva grad det er sjølvpålagt, men det er ikkje tvil om at ein betydeleg del av presset har samanheng med skulestress (Lillejord mfl., 2017).
I den unge-vaksne befolkninga, er det ei aukande gruppe som ikkje deltek i arbeidslivet. Psykiske helsevanskar er ei vesentleg årsak til at folk er sjukmelde og uføretrygda i Noreg (Folkehelseinstituttet (2016). Parallelt med denne auken av vanskesymptom er det også blitt meir vanleg å snakka om psykiske vanskar. Psykisk helse er blitt eit stadig omtalt tema i folkehelsearbeidet, både omkring behandling og i helsefremjande arbeid. Psykisk helse og livsmeistring er ikkje noko nytt fenomen. Korleis ein har det i livet har alltid vore viktig for menneska, sjølv om ein ikkje brukar så mange ord og omgrep om det. Det at livsmestring og psykisk helse no får ein tydelegare plass i skulen, er ei presisering av det som lenge har stått i skulen sin formålsparagraf.1 Livsmeistring og psykisk helse handlar om å meistra sitt eige liv, delta i arbeid og fellesskap, og slik få utfalda sitt potensial som menneske. Det at vår offentlege skule har dette med i formålsparagrafen, er eit uttrykk for verdiar og menneskesyn i vårt samfunn.
Godt psykososialt miljø - atmosfæren vi pustar i
Kva kjenneteiknar ein psykisk helsefremjande skule? Sidan vi er så mykje meir vane med å forholda oss til fysisk helse, kan det vera nyttig å samanlikna våre psykiske behov med dei fysiske. Eit godt fysisk arbeidsmiljø i skulen omhandlar mellom anna luftkvaliteten i klasserommet. Det viktige er at elevar og lærarar skal ha ei sunn og god luft å pusta i, og det er underordna kor godt elevane og lærarane kjenner til alle detaljane om dei ulike partiklane som finst i lufta.
Slik er det også når det gjeld å leva i eit psykisk helsefremjande miljø. Det som er viktig, er at elevane opplever eit godt psykososialt miljø, meir enn at dei får fagkunnskap om temaet. Og det er ikkje slik at om ein har kunnskap om psykisk helse, så medfører det at ein sjølv har ei god psykisk helse. Psykisk helse handlar mykje om opplevinga av at grunnleggjande psykologiske behov er ivaretatt i kvardagen. Difor er det viktig at lærarar veit kva som kjenneteiknar eit godt
Gå til medietKvifor om livsmeistring og psykisk helse i skulen?