Uniforum
05.05.2017
Har Åsne Seierstad, Deeyah Khan, Anneli Drecker, Leo Ajkic, Sunniva Rose og Harald Eia noko til felles? Ja, alle deltar under UiO-festivalen neste helg. - Eg håpar det kjem 10 000 personar, seier festivalsjef Gjøril Songvoll.
I SENTRUM: UiO-festivalen blir i år midt i Oslo sentrum. - Me håpar det vil gi endå høgare besøkstal, seier assisterande festivalsjef Svein Tømmerdal og festivalsjef Gjøril Songvoll.
Les merFoto: Ola Sæther
UiO-festivalen er for første gong flytta frå Blindern til universitetsbygningane i sentrum.
- Grunnen er at universitetsleiinga trur at det kan føra til at endå fleire personar vil finna fram til festivalen, seier festivalsjef Gjøril Songvoll og assisterande festivalsjef, Svein Tømmerdal til Uniforum.
- I fjor kom det rundt 7000 personar til Blindern, så i år håpar me at det vil koma nærare 10 000 personar. Om det kjem fleire, kan det bli i trongaste laget, trur Gjøril Songvoll. Dei største lokala i sentrum er Aulaen og Gamle f