Eg meiner at menstruasjonen på mange måtar er ei uadressert hindring for faktisk likestilling. Kvifor er det så skambelagt og stigmatisert, og korleis påverkar dette jentene som blir utsette for stigmaet? Å bli belasta med skam kan føre til ei kjensle av å ikkje vere likeverdig, vere annleis og bidra til einsemd, som vidare kan føre til redusert helse, både fysisk og psykisk.
Mange samfunn og kulturar krev at menstruasjonen i ulike grader, som kan føre til store utfordringar for unge jenter i menstruasjonsalder. Enkelte jenter opplever at menarke blir knytt til seksuell debut, og opplever difor vald og diskriminering fordi dei ikkje burde vere seksuelt aktive, i medhald av samfunnets haldningar til unge jenter.
Tabu og stigmatisering går på tvers av stad, tid og religion.
Når ein ser på ulike måtar å regulere menstruasjonen på, i ulike stader i verda, kan ein få eit inn