PRESENTERER TILSTANDSRAPPORTEN: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen presenterer i dag Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2017. (Arkivfoto)
Foto: Ola Sæther
Noreg hadde 250 000 studentar ved norske høgskular og universitet i 2016. Samtidig var det 25 000 norske studentar ved utanlandske lærestader. Det syner tal frå Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2017. Rapporten blir lagt fram av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen no i formiddag.
Dette er Noregs største høgare utdanningsinstitusjonar:
NTNU: 37 434 studentar
UiO: 27 582 studentar
BI: 20 738 studentar
HiOA: 18 494 studentar
UiB: 16 375 studentar
Norskfødde med innvandrarforeldre tar oftare høgare utdanning
Tala viser også at norskfødde i aldersgruppa 19 til 34 år med innvandrarforeldre oftare tar høgare utdanning enn andre i same alder. Av dei mellom 19 og 24 år er det ein endå større del av norskfødde med innvandrarforeldre som tar høgare utdanning. Farmasi er det faget som har størst del studentar med innvandrarbakgrunn. Dei norskfødde med innvandrarforeldre utgjer 20 prosent medan innvandrarar utgjer 35 prosent av studentmassen. Resten av folket utgjer 45 prosent. På odontologi e