Bedre Skole
10.11.2022
Alle norske ungdommar er fleirspråklege. Ungspråk-prosjektet har undersøkt norske ungdomsskoleelevar sine språkvanar, tankar og meiningar kring det å kunne fleire språk.
Det finst mange ulike forståingar av kva fleirspråklegheit er (Haukås, 2022), men ifølgje Europarådet (2001) er du fleirspråkleg om du kan eitt eller fleire språk eller varietetar i tillegg til morsmålet/førstespråket ditt. Kunnskapane i dei ulike språka kan variere og endrar seg ofte over tid. I tråd med denne definisjonen er så godt som alle nordmenn fleirspråklege. Ungdomsskoleelevane våre møter for eksempel fleire språk berre i løpet av ei vanleg skoleveke. Dei har norsk (nynorsk og bokmål) og engelsk i klasserommet, og desse språka nyttar dei som regel også på fritida. Fleirtalet (ca. 74 %) lærer dessutan eit andre framandspråk. I tillegg kjem stadig fleire elevar til skolen med kunnskapar i ytterlegare språk fordi dei kommuniserer på andre språk enn norsk med familien. Ifølgje Statistisk sentralbyrå (2022) er 18,9 % av befolkninga innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre. Det språklege mangfaldet stoppar ikkje der: Samiske språk er første- eller andrespråk i fleire område, og norsk teiknspråk, kvensk, romani og romanes skal vere likeverdige med norsk (Språklova, 2022). For ikkje å snakke om at vi gladeleg snakkar dialekt både i offentlege og private samanhengar. Dette fleirspråklege paradiset i og utanfor skolen skulle vere eit godt utgangspunkt for å skape språkbevisste elevar som kan «få erfare at det å kunne fleire språk er ein ressurs i skolen og i samfunnet» (Kunnskapsdepartementet KD, 2017, s. 5).
Fleirspråklegheit som ressurs
Til liks med den positive innstillinga til fleirspråklegheit i Læreplanverket finst det mykje forsking som viser at å kunne fleire språk kan ha ulike fordelar. Forskarar har blant anna dokumentert at folk som kan fleire språk, er meir kognitivt fleksible, kan konsentrere seg lenger, skårar høgare på intelligenstestar og blir seinare demente enn dei som ikkje er fleirspråklege. Kanskje meir interessant for språklæring i skolen er at elevar som kan og lærer fleire språk, utviklar eit betre språkleg medvit som dei kan dra nytte av både til å lære nye språk meir effektivt og til å auke forståinga for dei språka dei allereie kan. Dermed kan det for eksempel vere ein fordel for forståinga av nynorsk og bokmål at elevane lærer spansk eller tysk. Etter kvart som fleirspråklege lærer seg nye språk, blir dei dessutan ofte også meir bevisste på kva for språklæringsstrategiar som fungerer best for dei. Ikkje minst kan innsikt i fleire språk gi innsyn i ulike kulturar og tenkjemåtar og slik bidra til auka toleranse for mangfald (for ei litteraturoversikt kring ulike fordelar, sjå Haukås mfl., 2022).
Sjølv om den overordna delen av læreplanverket (KD, 2017), dei ulike læreplanane i språkfaga og forskinga legg vekt på at fleirspråklegheit er ein ressurs, er det ikkje ein automatikk i at elevar tileignar seg desse fordelane berre dei lærer seg fleire språk. Det er for eksempel ein tendens til at berre menneske med innvandringsbakgrunn blir omtala og sett på som fleirspråklege. Dette er uheldig, for då blir det å vere fleirspråkleg noko eit mindretal av befolkninga er, og gjerne omtala i problemorienterte vendingar (Haukås, 2022; Vikøy & Haukås, 2021). Ved å inkludere alle elevane i å utforske eigen og andre sin fleirspråklegheit i og på tvers av språkfaga blir det å vere fleirspråkleg derimot normalisert og noko kvar enkelt kan identifisere seg med. Alle elevane i skolen må difor få rikelege sjansar til å bli bevisste på eiga fleirspråklegheit og reflektere over og prøve ut korleis kunnskapar i fleire språk kan vere ein ressurs for dei. Lærarar har ei nøkkelrolle i denne prosessen, men mange lærarar meiner at dei kan for lite om fleirspråklegheit og korleis dei kan dra nytte av heile språkrepertoaret til elevane i undervisninga (Haukås, 2016).
Eit godt utgangspunkt for å utvikle det språklege
Gå til medietFleirspråklegheit som ressurs