AddToAny

Sjølvberging med Sellanrå Gardskollektiv

I denne spalta får du bli kjend med Sellanrå Gardskollektiv, og fylje årstidene saman med oss på vegen mot å bli sjølvberga. Me er fire utdanna øko-agronomar i tjueåra som alle brenn for eit beredyktig og rettferdig landbruk. Våren 2021 gjor me det som for mange blei med draumen, me flytta til eit nedlagt småbruk for å dyrke jorda i fellesskap.
SAMAN HAR ME ein visjon om at garden vår skal drivast økologisk og regenerativt, samstundes som me nyttar permakultur aktivt i drifta. Med spade og greip vil me skape ein stad som er oppbyggande for både folk og jord, nett fordi jordhelse og gode sosiale relasjonar går hand i hand. Målet er å bli so sjølvberga og autonome som mogleg, og det skal dykk få vera med på gjennom denne spalta.

Å FLYTTE til ei framand øy for å starte opp eit gardskollektiv er ikkje noko du berre vaknar opp og gjer ein dag. Vegen som førte oss hit har ikkje alltid vore sjølvsagt, men mykje var nok gjort då me alle bestemte oss for å studere økologisk landbruk. Me har saman med mange i vår generasjon kjent på makteslausheit, sinne, sorg og frykt i møte med klima- og naturkrisa. Ein kan bli brote ned av langt mindre. Heldigvis for oss har desse kjenslene blitt bensin på bålet for å gjere ein forskjell. For me har i all beskjedenheit trua på at me skal vere med på å endra måten me tenkjer jordbruk og levemåte på. På Sellanrå vil me dele kunnskap og inspirere til å ha det gøy med å tenkje utanfor boksen, og ikkje minst vil me at folk skal oppleve kor sjukt feitt det er å gjere ting sjølv! Me ønskjer å vise at ein kan leve rikare og friare liv med mindre forbruk. For i kvart eit spadetak er det politisk motmakt.

SELLANRÅ LIGG fint til mellom skog og hav i den litle grenda Arnavik. Med tanke på sjølvberging er me heldige med landskapet i kring oss. Med romsdalsfæringen ror me ut på fjorden og fiskar når vinden frå vest tek ei velfortent pause. Salting, speking, røyking og raking
Gå til mediet

Flere saker fra Ren Mat

Om eg fortel deg at huda di er eit økosystem, kva ynskjer du å gje ho?
Ren Mat 01.12.2023
Reins Kloster Akevitt, ble først lansert i 2012 etter at Reins Kloster og 3-4 andre gårder med tidligere tilknytning til Klosteret gikk sammen for å lage Norges første økologiske akevitt.
Ren Mat 01.12.2023
DEN GRØNNESTE VINEN er den som ikke drikkes. Slik resonneres det i hvert fall rundt strøm som ikke brukes.
Ren Mat 01.12.2023
Du trenger
Ren Mat 01.12.2023
Julen er høysesong for å nyte vår nasjonalsprit norsk akevitt. Brennevinet har i løpet av de siste tiårene gått fra å være ansett som fattigmanns trøst til å bli en nasjonal merkevare som kan måle seg med hvilken som helst importert brennevin.
Ren Mat 01.12.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt