Hausten 2015 tilsette St. Olavs Hospital ein sjukepleiar som vikar i ei sjukehusprestestilling. Til stillinga følgjer deltaking i vaktordning for prestetenesta. Stillinga vart ikkje oppretta som eit supplement til den eksisterande staben, men var i første omgang eit vikariat for ein av dei faste sjukehusprestane som har permisjon. Leiar for prestetenesta ved sjukehuset understrekar at det i dette tilfellet ikkje var sjukepleiekompetansen som hadde betydning ved tilsetjinga, men kompetansen innanfor rådgivingsvitskap. I tillegg var det ei forutsetning at søkjaren ikke har noen religiøs tro. Dette skal vere uttrykk for ønsket om å gi eit tilbod til pasientar og pårørande som treng samtale om åndelege/eksistensielle spørsmål, men som ikke ønsker å snakke med en prest, opplyser den same leiaren. Den aktuelle vikaren har fått den uvanlege yrkestittelen samtalepartnar og skal vere eit vitnemål om at prestetenesta og sjukehuset tar den livssynsmessige pluralismen i samfunnet på alvor og er i stand til å tilby og stå i en samtaletjeneste uten en religiøs horisont. (Sørensen, Ø.T. på sykepleien.no 17. mars. Prestetjeneste i et flerkulturelt samfunn).
Tilsetjinga har utløyst fleire reaksjonar. Til desse vil eg føye nokre refleksjonar og spørsmål.
Eit trugsmål mot pasientens ikkje-religiøse dagsorden?
Tilknyting til eit trussamfunn kan stundom rydde grunn for eit ønske hos pasient eller pårørande om direkte kontakt med ein representant for det aktuelle samfunnet under sjukehusopphaldet. Ønsket kan omfatte både samtale og seremoni på pasientens eller pårørandes konfesjonelle heimebane. Naturlegvis skal eit slikt ønske formidlast når nokon av personalet - eventuelt presten - blir merksam på dette. I denne formidlingsoppgåva er prestetenesta ikkje noko unnatak.
Når det derimot i motivasjon