AddToAny

Om levande lærarkunnskap

Om levande lærarkunnskap
Det er eit problem at den gjengs talemåten av omgrepet «kunnskap» ikkje reknar med ein levande kunnskap, men refererer til ord og informasjon. Det som gjer ein lærar verkeleg god, er kanskje ikkje mogeleg å uttrykke i ord - eller som teori.
Det vert sagt at røyndomen kan overgå fiksjonen. Her skal eg ikkje snakke om fiksjon, men om teori. Mi tese er at røyndomen overgår teorien. Vi seier gjerne at menneske er flink i teori, men svake i gjennomføringa. Eg vil forsøke å vise at menneske ofte er flinkare i gjennomføringa enn i teori. Det er ikkje slik at gjennomføringa (praksis) er ei etterlikning av teori. Sanninga er at verbalisert teori er ei etterlikning av praksis. Allereie Platon påpeika dette. Til dømes drøftar dialogane Faidros1 og Gorgias2 korleis skriftspråk og talemåtar er forsøk på å etterlikne røyndomen og visdomen, slik denne teksten prøvar å seie noko om ein levande lærarkunnskap ved hjelp av teoretisk orientering.
Det eg skriv, vil alltid komme til kort, slik denne teksten òg vil komme til kort. Eg klarar ikkje å skildre den reelle kunnskapen som læraren har i praksis. Mykje tyder på at dess meir essensiell kunnskapen er for praksis, dess vanskelegare er det å sette ord på den. Om du spør ein god fotballspelar om å skrive ned sin kunnskap, vil han ikkje klare dette. Han vil kunne seie noko om det mest elementære, men ikkje det som verkeleg gjer han god. Den viktigaste kunnskapen må han vise i praksis. Høgst sannsynleg vil han seie at han ikkje tenker ved hjelp av ord når han utøver fotballkunsten. Mykje tydar på at det å tenke ved hjelp av ord ville kunne svekke den konkrete utøvinga. Vi har sett gode fotballspelarar som bommar på ope mål fordi dei fekk for god tid, dei byrja å tenke. Ein slik praktisk kunnskap kan vi kalle for levande kunnskap3, medan verbalisert kunnskap blir eit skuggebilete, ein størkna kunnskap. Her er det viktig å påpeike at òg den verbaliserte kunnskapen er ein type praksis som inneheld ein levande kunnskap. Vi kan seie at det å arbeide med lesing og tekst er ei teoretisk handling, eller det er å praktisere teori. Det å snakke eller å bruke andre symbol (døme: maleri, teknologi, matematikk) er ein del av praksis.

Skiljet mellom teori og handling
Informasjonsteknologi og teknologisk utvikling av menneskeleg kunnskap viser skilje mellom teori og handling. I dag har som kjent informasjonsteknologien utvikla dataprogram som vil slå eit kvart menneske i sjakk. Samstundes er ikkje denne teknologien i stand til å skape ein robot som kan sparke fotball betre enn eit menneske. Det er ikkje så lenge sidan vi klarte å få ein robot opp å gå, og det å springe synest å vere ein kunst som er svært vanskeleg å utvikle ved hjelp av informasjonsteknologien. Kva er årsaka til dette? I sjakk er avstanden mellom tanke og handling tilnærma 1:1. Om du først kan tenke ut eit godt trekk i sjakk, vil stort sett alle menneske klare å utføre det praktiske trekket. Informasjonsteknologien har ingen problem med å utføre eit sjakktrekk. I fotball er det ikkje slik. Her kan tv-sjåaren oppfatte seg sjølv som den geniale teoretikaren som kan sitte heime i stova og kommentere kva praktikaren burde gjere, medan det berre er eit fåtal som klarar å gjere dette i praksis. Årsaka er at avstanden mellom tanke og handling er stor, og det er i praksis kunsten vert utøvd. Slik er det òg i skulen, der praktikaren utfører kunsten, medan mange andre tilskodarar har sterke meiningar i teorien.
I motsetning til ei slik orientering, som avgrensar kva teori er, kan det synast meir vanleg å oppfatte teori som meir sann enn røyndomen og praksis. Historisk sett har framveksten av vitskapleg aktivitet saman
Gå til mediet

Flere saker fra Bedre Skole

Pandemi og lærerstreik har aktualisert konsekvensene av at mange elever mister deler av sin skolegang. Ofte reises da spørsmålet om hva dette gjør med de utsatte elevene.
Bedre Skole 10.11.2022
Når en googler begrepet læringsidentitet, er det denne boka som kommer opp. Begrepet er altså helt nytt, og hva det egentlig betyr, må en bare gjette seg til før en åpner boka.
Bedre Skole 10.11.2022
Merethe Roos, professor i historie ved Universitetet i Sørøst-Norge, gjør noe så spennende og sjeldent som å kombinere ulike undervisningsopplegg i
Bedre Skole 10.11.2022
Skoler som setter i verk helt like tiltak, vil ofte ende opp med helt ulikt resultat. Et forskningsprosjekt satte seg fore å finne ut hvorfor.
Bedre Skole 10.11.2022
Som leser og lærer er det lett å være enig i forfatternes utsagn om at skolevegring er et mysterium.
Bedre Skole 10.11.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt