Retningsgjevande vedtak vert gjort utan grunnlag i gjeldande regelverk og utan omsyn til at nye forskrifter om ulike kvalifiseringsvegar og kompetanseformer i høgare utdanning er i støypeskeia. Dermed vert det hegemoniet til universiteta og deira tradisjonelle verdsetjing av kunnskap som vert formande. Satt på spissen kan ein seie at teoretisk kunnskap vert høgt akta og institusjonalisert og at praktisk kunnskap vert oversett ogutestengd.
Norsk høgare utdanning har sidan 1995 hatt to karrierevegar. I samband med innføring av høgskulereforma i 1994 var det behov for ein felles stillingsstruktur for undervisnings- og forskarstillingar (KUF 1995). Ny forskrift i 2006 presiserte kompetansekrava og at det skulle vere to likeverdigekarrierevegar.
Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillingerseier at stillingar som førsteamanuensis/førstelektor og professor/dosent, skal sjåast som å vere på same nivå, men med ulike innretningar (KD, 2006). Førstelektor-/dosentvegen har meir fokus på forskings- og utviklingsarbeid mot profesjons- og yrkesfeltet, og omfattande pedagogisk utviklingsarbeid, medan førsteamanuensis-/professorvegen følgjer eit formalisert forskarprogram med fokus på disiplinbasert og vitskapeleg forskarkompetanse (UHR,2006:3).
Men kvalifiseringsordninga er sett under nasjonal debatt.Ei arbeidsgruppe nedsett av Universitets- og høgskulerådet (UHR) konkluderte i 2012 med at førstelektorordninga bør avviklast og heller leggast inn i ei utvida ph.d.-ordning (Vøllstad et.al,2012).
UHR fekk brei støtte i høyringsprosessen. Ei innstilling vart sendt til Kunnskapsdepartementet (KD) i 2013. I 2015 kom det revidert Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, der detikkjeer gjort endringar i karrierevegane. Eit likeverdig nivå mellom dei to karrierevegane er såleis stadfesta (KD, 2015a). I Meld.St:18 om strukturreforma er også dei fire førstekompetansestillingane beskrive som likeverdig indikator p�