AddToAny

Jakta på Twitter-kjensla

Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Det fanst ein gong ein stad på internett eit land av mjølk og honning der alle kjende namnet ditt og alltid vart glade når du dukka opp. Der du kunne gå mellom borda, høyre på diskusjonar mellom politikarar, forskarar og mediefolk, få tips om interessant lesestoff éin stad, om aktuelle arrangement ein annan, og var du i humør, kunne du slå deg ned og blande deg i samtalen kvar som helst. Landet heitte Twitter.
Så kom Elon Musk og i hans kjølvatn trollerobotar, hatprat, kjendisstatus-mot-betaling, og desimering av moderasjon og faktasjekk. Sidan har mange akademikarar vore på leit etter grønare gras andre stader.

Ny start på Bluesky
- Det kjennest litt som det gamle Twitter, seier Daniel Quintana, førsteamanuensis ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo, om plattforma Bluesky.
Dei siste månadane, og særleg etter det amerikanske presidentvalet i november 2024, har stadig fleire samla seg om Bluesky, som mellom anna har den fordelen at ho ser til forveksling ut som Twitter gjorde, og fungerer på nesten nøyaktig same måten.
Quintana har framleis ein konto på X, som Twitter no heiter, men har ikkje brukt han på lenge.
- Twitter var lenge ein fantastisk karriereressurs. Ein kunne møte andre forskarar, dele arbeid, og oppi alt saman var det eit element av fun, seier Quintana på klingande australsk.
- Men særleg det siste året er det blitt mindre nyttig og mindre fun. Algoritmen var frustrerande, dei innlegga som skapte mest engasjement og sinne, vart forsterka. Bluesky har fleire verktøy som let deg styre kva du ser i tidslinja di. Du har meir kontroll, større brukarvenlegheit.

Twitter-nostalgi
Kva finn forskarar på Bluesky? Er det først og fremst ein vibe, ein nostalgisk retur til godkjensla frå dei første Twitter-åra? Eller må den ideelle plattforma oppfylle eit heilt spesifikt sett med kriterium for å fungere optimalt i karrierebyggingas teneste?
Qu
Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025
Sjå studentane, som spelar krokket! Fotografiet er teke på Noregs landbrukshøgskole på Ås, noverande NMBU, i år 1900.
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt