AddToAny

Når personleg kunnskap er sosialt robust

Når personleg kunnskap er sosialt robust
Kunnskap og kompetanse kan forvitre, bli feig og forsiktig og miste aktualitet før ein veit ordet av det. Difor treng personleg kunnskap ettersyn. Eit slikt ettersyn gjeld dei relasjonelle kvalitetane som gjer kunnskapen robust. Det er til dømes i 5uenighetsfellesskapets at den personlege kunnskapen blir sosialt robust. Ein må altså ut av den indre krinsen der semje rår grunnen og søke motstand.
Vi kan ikkje lukkast med kunnskapen vår utan at vi til ein stor grad er sosialt konvensjonelle. Viss dei relevante personane i eit fagmiljø eller i eit samfunn vender tommelen ned, vil ikkje kunnskapen vere mykje verd. Då Kopernikus fann ut at det var sola, og ikkje jorda, som planetane sirkla rundt, gjekk teorien i den grad på tvers av etablerte oppfatningar blant både vitskapsfolk og autoritetar i kyrkja at han lét det gå 30 år frå han forma ut teorien til han gav ut boka Om himmelsirklane si omdreiing i 1543. Kopernikus hadde truleg vurdert det slik at risikoen for å bli avvist og gjort til latter i relevante miljø var større enn risikoen for stadfesting, derfor venta han med å lansere det heliosentriske synet heilt til slutten av livet.

På Kopernikus si tid var den religiøse kosmologien ein mektig premiss for kva som var akseptable teoriar om rett og gale i vitskapleg forstand. I moderne samfunn er det ikkje lenger slik. No må det gode omdømmet for kunnskapen forankrast i meiningane til mange enkeltpersonar eller grupper som går god for kunnskapen. Studentar og forskarar må samle på referansar til kvalifiserte personar når dei skal skrive ei fagleg oppgåve eller ein artikkel. Elles vil ikkje kunnskapen reknast som godt nok underbygd. Sanninga er sosialt konstruert. For to-tre hundreår sidan var dette annleis. Då kunne det til dømes skje at ei bok (Bahr 1853) vart omsett frå tysk til norsk utan at namnet til den tyske forfattaren var nemnd. Kvifor skulle han absolutt nemnast? Han var likevel berre ein funksjonær og servitør av den store sanninga. Bahr tenkte kanskje at kunnskapen i verda er den same, uansett kven sin munn eller penn visdomen passerer på vegen. Rolla til det enkelte mennesket var berre å vere stafettpinne for den laupande sanninga som alltid hadde retning mot det gjevne målet uansett. Tilsvarande haldningar kan ein i dag finne blant studentar med bakgrunn frå område i verda der religiøse institusjonar framleis har eit sterkt grep på kunnskapsutøvaren.

Den sekulære kunnskapsutøvaren trur ikkje at det finst nokon guddommeleg garanti for kunnskapen. Vedkomande har i staden blitt meir avhengig av stadfesting frå andre menneske.



Anerkjenning

Utan godt omdømme vil den sekulære kunnskapsutøvaren kjenne seg usikker både på seg sjølv og på kunnskapen. Fruktene av eit godt omdømme er «an-erkjenning». Det er ei personleg erfaring av at andre menneske knyter si erkjenning «an» til mi - at det eg har å kome med, blir akseptert og respektert. An-erkjenninga gjev sjølvtillit, mot og styrke til eiga erkjenning. Halldis K. Leira (2003) kallar denne prosessen for «gyldiggjeringsspiralen»: 1. For at jeg skal våge å dele mine hemmeligheter eller erkjenne nye dristige tanker, må jeg i noen grad oppleve meg som anerkjent av Den andre.

2. Når jeg gjør dette, knytter jeg min fantasi/ tanke an til De(n) andres erkjennelse. 3. Ved å gjøre dette vil jeg få min tanke avkreftet eller bekreftet.

4. Hvis min tanke blir bekreftet av De(n) andre, skjer det et kvalitativt sprang: Min idé opphører å være min private fiksjon og går over til å bli en del av en intersubjektiv virkelighet. En bit av min virkelighet blir gjenerobret som gyldig. 5. Hvis mine tanker blir bekreftet, erfarer jeg i tillegg at jeg ikke var dum som tenkte slik, og kanskje blir jeg dristigere til å dele flere hemmeligheter og/eller våge å erkjenne mer.



Både på individnivå og på institusjonsnivå vil ein erfare at kvaliteten i kunnskap er avhengig av domen frå andre. Vitskapshistoria byr på fleire gode eksempel på at omdømme er avgjerande for kva som blir rekna for sa
Gå til mediet

Flere saker fra Bedre Skole

Pandemi og lærerstreik har aktualisert konsekvensene av at mange elever mister deler av sin skolegang. Ofte reises da spørsmålet om hva dette gjør med de utsatte elevene.
Bedre Skole 10.11.2022
Når en googler begrepet læringsidentitet, er det denne boka som kommer opp. Begrepet er altså helt nytt, og hva det egentlig betyr, må en bare gjette seg til før en åpner boka.
Bedre Skole 10.11.2022
Merethe Roos, professor i historie ved Universitetet i Sørøst-Norge, gjør noe så spennende og sjeldent som å kombinere ulike undervisningsopplegg i
Bedre Skole 10.11.2022
Skoler som setter i verk helt like tiltak, vil ofte ende opp med helt ulikt resultat. Et forskningsprosjekt satte seg fore å finne ut hvorfor.
Bedre Skole 10.11.2022
Som leser og lærer er det lett å være enig i forfatternes utsagn om at skolevegring er et mysterium.
Bedre Skole 10.11.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt