AddToAny

Leiingspraksis i vidaregåande skule

Det er kanskje ikkje kunnskap som er mangelvare i vidaregåande skule, men heller leiing som fremjar kunnskapsdeling i kollegia. Skuleleiarar kan gjere ein stor skilnad gjennom ulike måtar å leie på.
«Anne», «Aron» og «Albert» har teke ei vidareutdanning i regi av Yrkesfaglærarløftet. Fulle av begeistring fortel dei om stort læringsutbytte. «Vi såg straks nytte av den nye kunnskapen og mogelegheita til å prøve han ut i eiga undervisning. Pensum var relevant, og ny forsking var matnyttig inn mot akkurat det vi arbeider med og treng kunnskap om.» Dei tre ivrar for at fleire skal få ta del i den nye kunnskapen. Dei vil gjerne dele innsikta si med kollegaer og vere ressursar for kollegafellesskapet: «Spør oss, vi vil bidra», er bodskapen deira til skuleleiinga. Samstundes understrekar dei at skal det skje ei kunnskapsdeling, må det finnast ein arena for dette. Dei likar ikkje å stikke seg fram på eige initiativ og seier tydeleg at skuleleiinga må følgje opp og leie kompetanseutviklinga.

Gode lærarar og gode skular
Dyktige lærarar betyr mykje for elevane si læring (Hattie, 2009; Darling-Hammond, 2010). Difor legg skulen stor vekt på kompetanseutvikling blant dei tilsette. Den seinare tida har meir av denne læringa funne stad på arbeidsplassen og kollektivt i praksisfellesskapet. Denne utviklingsstrategien vart først sett ut i livet i grunnskulen gjennom satsinga Ungdomstrinn i utvikling (Kunnskapsdepartementet, 2014). Deretter var det vidaregåande skule sin tur gjennom den storstilte nasjonale satsinga Yrkesfaglærarløftet - for fremtidens fagarbeidere (Kunnskapsdepartementet, 2015). Medan alle lærarane skulle delta i kompetanseutviklinga i regi av ungdomstrinnsatsinga, vart ikkje denne føresetnaden lagt til grunn for Yrkesfaglærarløftet. Kunnskapsdepartementet understreka likevel at dei ønskte ei kompetanseutvikling på deltakarskulane gjennom deling av kunnskap i lærarkollegia.

Leiinga si rolle
Internasjonal forsking viser at skuleleiarar må involvere seg viss ein skal få til kunnskapsutvikling i utdanningssektoren (Postholm mfl., 2017; Robinson, 2014). Når Anne, Aron og Albert understrekar at skuleleiinga må følgje opp og leie utviklingsarbeidet, er dei med andre ord i godt selskap. Ein tidlegare studie frå norske vidaregåande skular viser at det er avgjerande at skuleleiinga forpliktar seg, deltek aktivt og har regi på kompetanseutviklinga (Sekkingstad og Syse, 2019). Ikkje minst er det viktig at skuleleiinga ser det store potensialet som ligg i leiarinvolvering, for at den enkelte lærar skal kjenne seg som del av eit profesjonelt læringsfellesskap (Morud og Rokkones, 2019).

Lærarane møter leiarane
Kvardagen ventar når Anne, Aron og Albert kjem attende frå utdanning i regi av Yrkesfaglærarløftet. Etter avslutta eksamen er dei tilbake i full jobb, og slik opplever dei å bli møtte av leiarane sine:
«Det er godt du er attende no, Anne», seier «avdelingsleiar Berit» i det ho møter Anne i forbifarten. «Det er full krise på elektro, og du må overta ansvaret for gruppe B på vg1.» Meir rekk ikkje Berit å seie før ho spring vidare til eit viktig møte.
Aron vert møtt på ein litt annan måte av «inspektør Bjørg». Ho inviterer han til eit møte der ho vil leggje ein plan for korleis Aron kan bidra med ny kunnskap inn mot skulen sitt utviklingsarbeid.
Albert møter «rektor Bård» som han elles snakkar jamleg med. Som regel er temaet elevane si læring og relasjonar og samanhengar som kan bidra til å skape gode læringsmiljø både for elevane og lærarane. No snakkar dei om korleis vidareutdanninga Albert har delteke på, kan gi positive ringverknader inn mot undervisningspraksis på skulen.

Eit praksisperspektiv på leiing
For å forstå korleis dei tre leiarane møter medarbeidarane sine, kunne vi ha retta søkjelyset mot menneska Berit, Bjørg og Bård og forklar
Gå til mediet

Flere saker fra Bedre Skole

Pandemi og lærerstreik har aktualisert konsekvensene av at mange elever mister deler av sin skolegang. Ofte reises da spørsmålet om hva dette gjør med de utsatte elevene.
Bedre Skole 10.11.2022
Når en googler begrepet læringsidentitet, er det denne boka som kommer opp. Begrepet er altså helt nytt, og hva det egentlig betyr, må en bare gjette seg til før en åpner boka.
Bedre Skole 10.11.2022
Merethe Roos, professor i historie ved Universitetet i Sørøst-Norge, gjør noe så spennende og sjeldent som å kombinere ulike undervisningsopplegg i
Bedre Skole 10.11.2022
Skoler som setter i verk helt like tiltak, vil ofte ende opp med helt ulikt resultat. Et forskningsprosjekt satte seg fore å finne ut hvorfor.
Bedre Skole 10.11.2022
Som leser og lærer er det lett å være enig i forfatternes utsagn om at skolevegring er et mysterium.
Bedre Skole 10.11.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt