AddToAny

- Kva i helsike er det du driv med, eigentleg?

- Kva i helsike er det du driv med, eigentleg?
Khrono kontakta eit knippe universitetsfolk, pluss kassa på Kiwi, for å lytte til kva dei meiner om nytte.
- Ein kunne sagt mykje om den puritanske dyrkinga av nytte i Noreg, og den tilsvarande svake anerkjenninga av det ikkje-nyttige, seier Fredrik W. Thue, professor og historikar ved OsloMet.

Fullstendig utan parameter og operasjonaliserte indikatorar ringde vi ein humanist for å lodde stemninga rundt diskusjonen om arbeidslivsrelevans.

Thue tippa lasset i retning tidsåndene som går, og ikkje minst i Bergen på 1990-talet. Deretter førte ein ikkje heilt koronafri samtale med ein litteraturvitar i nettopp Bergen til endå ein samtale som ikkje vart koronafri, men på ein meir astrofysisk måte. Ein Kiwi-trønder avløyste ein direktør-trønder som sa hest, før ein arkeolog snakka om hestekjøt, og ein pensjonert «nobelprisvinnar» kom inn på korleis vi kan komme oss vidare.

Men for å setje det heile i ein samanheng:

Dei seier ingenting om å klippe håret, det er kanskje ikkje så viktig lenger dette med håret, men at ungdommen også no til dags må få seg eit ærleg arbeid, det gjeld fortsatt.

Ros og ramaskrik

Denne gongen er det leiaren av Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, Roy Steffensen (Frp), som har fått gjennomslag for sin kongstanke om at skattebetalarane må få noko igjen for pengane, i dette tilfellet, uteksaminerte studentar med ikkje berre ærleg, men relevant arbeid. Pengane må i større grad gå til dei som greier å presse ut kandidatar som er relevante for arbeidslivet, meiner Steffensen. Litt nytte for seg må ein vel kunne gjere etter alle desse åra med øl og stipend, eller?

Med på fleirtalslaget for forslaget fekk Steffensen med seg Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

No går det i ramaskrik, sjokk og ein del vantru, særleg frå rektorane ved dei litt gamle og etablerte læreseta, som Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. Dette utfordrar den akademiske fridomen og det langsiktige grunnlaget for forsking og utdanning, meiner dei. Noko liknande meiner leiarskribentane i fleire av landets største aviser.

Utdanningskomitéleiar Steffensen har parert med at han «er sikker på at dette er fornuftig» og at det ikkje er «overraskende at noen reagerer når man røsker opp i det etablerte». Samstundes har ideane hans fått, om ikkje akkurat ros, så blitt møtte med strategisk kos frå rektorar på dei meir profesjonsretta institusjonane, høgskular inn i landet og vest i landet og universitetsferskingar som OsloMet og Universitetet i Søraust-Noreg.

Med fare for å stupe inn opne dører, har dei slått fast at det er «vanskelig å oppfattte myndighetenes interesse for arbeidsrelevans som urimelig».

For Khrono blir det berre altfor freistande å setje ein filosof på toppen av ringelista, sidan stortingspolitikar Steffensen spesifikt har antyda at filosofar ikkje står øvst på hans.

Tenk at det kan nytte

- Nei, dette smakar av eit snevert syn på relevans og nytte og kva samfunnet har behov for, seier filosofen, Siri Granum Carson på NTNU, om arbeidslivsrelevansplanen.

- No skal eg ta forbehald om at eg ikkje har finlese forslaget, men kva slags kompetanse eit samfunn har bruk for, kan ikkje lesast av på den akutte statusen for økonomien i arbeidslivet. I eit land som Noreg bør ein heller tenke på korleis ein kan styre arbeidslivet, slik at ein får sett i sving kompetansen ein har i befolkninga. Forslaget blir bakvendt, dette er å setje kjerra framfor hesten, seier Carson.

Det er fort gjort, for fort, legg ho til, å tenke at profesjonsutdanningar tydelegare peikar ut kva du skal drive med enn andre utdanningar.

Forslaget blir bakvendt, dette er å setje kjerra framfor hesten

Siri Granum Carson, havdirektør og filosof

- Arbeidslivet er i heftig endring, heile tida. Sjølvsagt vil eg at sjukepleiaren skal vite korleis sprøyta skal stikkast i armen min. Men ofte er utdanning ein attest på at du kan fullføre vanskelege prosjekt, og ikkje nødvendigvis ei oppskrift på korleis du skal utføre ein jobb.

Slik talar altså filosofen, men over til tusenkroners-spørsmålet: Har ho fått relevant jobb? For Carson er direktør, for hav. Ho leier den såkalla havromsatsinga på NTNU, med for eksempel maritim transport og berekraftig sjømat på programmet. Ikkje akkurat slikt ho bestemte s

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvis en enkelt student blir satt i sentrum av en vits, er det ikke helt urimelig om vedkommende føler seg personlig krenket, skriver Torbjørn Skardhamar.
Khrono 06.07.2020
NTNU vil til bunns i om Øyvind Eikrem via falsk facebookprofil har støttet og kommet med hatefulle ytringer. I dag gjennomfører de etter alt å dømme innsyn i epost og på NTNUs servere.
Khrono 06.07.2020
Totalt 94.604 har søkt opptak til høyere utdanning i Danmark før det kommende semesteret. Det er en økning på syv prosent fra i fjor.
Khrono 06.07.2020
Forskningsrådet investerer totalt 43 millioner i forskning på koronaens konsekvenser for økonomi og arbeidsliv. NHH, BI og HVL er på listen over de som får midler.
Khrono 06.07.2020
Norge kan nå gjøre et stort sprang ved å investere i livslang læring for alle. Men da må hele systemet endres dramatisk, skriver Elena Rosnes.
Khrono 06.07.2020

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten golferenno gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt