Norsk Landbruk
24.08.2017
I Bjerkreim er det mange mjølkeprodusentar som framleis ikkje har tatt avgjerda om dei skal investere i ny fjøs eller ikkje. Ein ny kombifjøs kan senke terskelen.
Robot og 26 liggjebåsar til mjølkekyr på den eine sida, 26 liggjebåsar til ammekyr på den andre. I midten er det kalvingsbingar og kalvebingar med inngang frå begge sider, slik at dei kan brukast av både mjølkekyr og ammekyr. Det er utvendig fôrbrett på begge sider.
Det er konseptet bonde, bjerkreimsbu og salskonsulent i Fjøssystemer, Kjetil Slettebø, har klekt ut. Prisen varierer etter kva byggkvalitet, materialval og I-mek-løysingar den enkelte ønskjer, men vil truleg liggje på mellom 85 000 og 110 000 kroner per liggjebås.
− Bygget er ikkje spesielt rimeleg i seg sjølv. Poenget er kombiløysi


































































































