DEI FØRSTE: Både urban plantedyrking som ein fylgje av klimaendringane, dei første steinalderfolka som kom til Oslolfjordregionen og folk i Polynesia er med i utstillinga "Kollaps" som opnar i Kulturhistorisk museum i dag.
Foto: Ola Sæther
I utstillinga har arkeologar, antropologar og andre fagpersonar frå Kulturhistorisk museum gått saman om å laga ei utstilling på tvers av historie, fag og geografi. Ein del av første etasje i Historisk museum skal brukast til den banebrytande utstillinga.
- Den er første steg i ei fornying der me til saman lagar fire nye utstillingar med kvar sin tittel, opplyser prosjektleiar Peter Bjerregaard ved Kulturhistorisk museum til Uniforum.
Han forklarar gjerne tanken bak utstillinga Kollaps.
- Er kultur noko som utviklar seg sakte, men sikkert over lang tid eller er det brå endringar som får k