- Det er ein gigantomanisk kåtskap i dagens samanslåingsiver. Forskinga viser at innbyggjarane i små kommunar er meir nøgde med lokaldemokratiet enn folk i større kommunar, seier Øgård.
Han viser til at tenestetilbodet i små kommunar er godt. Avstanden mellom folk, politikarar og kommuneadministrasjonen er liten. Dei små kommunane fordelar òg ressursane på ein effektiv måte til innbyggjarane, ifølgje professoren.
- Store kommunar er berre interessante for mediebransjen, konsulentbransjen og næringslivet. Dei får ein større og meir samla marknad å selje til når kommunane vert større, seier Øgård.
Han trur små barneskular fort vert nedlagde viss desse kommunane går saman i ein storkommune.
- Småskulane overlever kanskje det første nye kommunestyret, men så er det slutt. Allereie i dag vert det diskutert å leggje ned skular i Kristiansand og mange andre store byar. Når byane vert enda større, vil skulane i utkantane vere dei første som ryk. Dette vil sannsynlegvis skje over heile landet der små kommunar slår seg saman med større bykommunar, seier Øgård.
- Har ikkje funne forsking
Fridom, lokaldemokrati og effektivitet er ifølgje Øgård dei tre pilarane som ideen om kommunan


































































































