- Å vera i rørsle i naturen er meditasjonen min, fortel han til Uniforum.
Dialekten avslører at han har budd i Bergen, men at han har brukt ein endå større del av livet sitt i Tromsø, ber ikkje dialekten spor av. Når det gjeld kva fotballag han held med, er det endå meir overraskande: - Rosenborg, svarer han utan å nøla. Men det er verken dialekten hans eller fotball dette intervjuet skal handla om, derimot om ein pris som kom litt bardust på han.
- Eg har fått prestasjonsangst
- Gratulerer med UiOs utdanningspris!
- Mange takk!
- Korleis kjennest det?
- Først overveldande, men så gjekk det over i angst. Eg har fått prestasjonsangst av det, for no må eg verkeleg leva opp til dette. Men eg prøver å minna meg på at eg får prisen ikkje fordi eg er ein så fantastisk undervisar, men fordi eg eg har arbeidd systematisk med å planleggja utdanning. Så eg arbeider med ikkje å bli for engsteleg til å undervisa, fortel han.
Dag Kristian Dysthe driv altså ikkje med improvisasjon i undervisninga. Han har ein nøye plan for korleis den yngre generasjonen av realistar skal få inn ny kunnskap.
- Det er å ta studentane med i forskinga og kasta dei ut på 70 000 famnars djupn, og så læra dei å symja før dei søkk, smiler han. Og den undervisningsfilosofien tykkjer han at han har lykkast med.
- Ja, i mange samanhengar har me klart det. Det er veldig morosamt for i staden for å byggja stein på stein først, og så skal du læra fakta og samanhengar, før du skal læra deg å gjera litt forsiktige ting sjølv, så begynner me heller med spørsmål med spennande problem og tar dei med i ordentleg forsking. Og så har dei ikkje føresetnader for å gjera det, men så finn dei ut kva dei treng for å kunna løysa det. Då lærer dei dei metodane som dei treng etter kvart, utbroderer Dag Kristian Dysthe om pedagogikken sin.


































































































