Bedre Skole
16.03.2018
Det er langt større interesse for dialog i dansk enn i norsk skule, og i denne boka finn vi noko av svaret, nemleg ein lang tradisjon som går tilbake
... til Grundtvig og som er blitt fornya gjennom inspirasjonen frå den russiske språk-, litteratur- og dialogteoretikaren Mikhael Bakhtin. Per Fibæk Laursen er professor ved Danmarks pedagogiske universitet, og boka er den siste i ein trilogi. Den første heitte Drop ambitionerne - og lav bedre undervisning
(2015) der hovudbodskapen var at ein bør konsentrere seg om å utvikle dei kvalitetane i undervisninga som verkeleg har betydning. Didaktiske ambitioner - alle elever med (2016), drøfta utfordringane som ligg i å undervise slik at alle elevar har ein reell sjanse til å lukkast. Og i denne siste boka er hovudbodskapen at dialog er det sentrale i god undervisning. «Undervisning er ikke en produktionsproces, der kan styres og kontrolleres, men en samtale mellem levende mennesker uden nogen garanti for hvad resultatet bliver.» I den setninga ligg ein tydeleg kritikk av målstyrings- og testhysteriet som har prega også dansk skule dei siste åra, og samtidig eit pedagogisk program for dagens skule.
Kvifor kvalitetsforbetringstiltak gir lite effekt
Den første setninga i boka får lesaren til å sperre auga opp: «Den danske folkeskoles undervisning er af så høj kvalitet, at den vanskeligt kan blive bedre». I lys av kritikken i media og frå politikarane om at skulen ikkje held mål internasjonalt, er det ein heller kontroversiell påstand. Argumenta til forfattaren gjeld også for Norge og går i rette med den langvarige tendensen i begge land til å snakke ned skulen. Danmark klarar seg godt i internasjonale testar. Dei er blant dei 5 beste i lesing, på topp i demokratiforståing, blant dei mest erfarne IT-brukarane, skårar i beste halvdel i matematikk og naturfag, er nest best i verda i engelsk, og trivselen er høg. Pisa-resultata er midt på treet, men avstanden til toppen utgjer ikkje noko eigentleg kvalitetsproblem. Laursen er ikkje bekymra for at Danmark kjem bak gruppa av sørasiatiske land der spesielle forhold gjer foreldra ambisiøse og elevane hardtarbeidande. Og Finland, som både Danmark og Norge stadig bl
Gå til mediet(2015) der hovudbodskapen var at ein bør konsentrere seg om å utvikle dei kvalitetane i undervisninga som verkeleg har betydning. Didaktiske ambitioner - alle elever med (2016), drøfta utfordringane som ligg i å undervise slik at alle elevar har ein reell sjanse til å lukkast. Og i denne siste boka er hovudbodskapen at dialog er det sentrale i god undervisning. «Undervisning er ikke en produktionsproces, der kan styres og kontrolleres, men en samtale mellem levende mennesker uden nogen garanti for hvad resultatet bliver.» I den setninga ligg ein tydeleg kritikk av målstyrings- og testhysteriet som har prega også dansk skule dei siste åra, og samtidig eit pedagogisk program for dagens skule.