BUSKAP
14.05.2018
Så var det likevel ikkje smittsom diaré vi fekk på kyrne i vinter, men kva var det då som hende?
Eg set meg ned i ein solstol på altanen og myser opp mot sola. Det er igjen tida for kontrastar og brytning i naturen. Dei drivande kvite fjella ruvar mot ein klar, blå himmel og kring meg er alt brunt og grønt. Eg hallar meg tilbake i stolen og let att augo, og eg kan høyre den velkjende lyden av småfuglane som kjempar for sitt. Eg høyrer skjora som skvatrar og kråkene som verkar til å alltid ha noko dei er ueinige om. Elvene veks av snøsmeltinga og det brusar natt og dag. Katten «Lotta» har fått kattungar og hestane har fått ein fridag på beite. Ja, no skjer det - no er det endeleg vår.
Ikkje smittsom diaré
Kyrne har mjølka ein heil vinter, og både dei og eg tek til å kjenne på trongen til å vere meir ute. Det er ikkje like kjekt å mjølke i denne enden av laktasjonen, men det er ikkje så arbeidskrevande heller.
Så korleis vart det med mjølkemengda, brunsten og kyrne etter at vi fekk diaré i fjøsen i vinter? For diaré fekk dei, men det skulle vise seg at det ikkje var av den smittsame sorten. Eg tok mjølkeprøver av fire 1.gangskalvarar, blanda og fylte i eit enkeltspeneprøveglas. De
Gå til medietIkkje smittsom diaré