Sykepleien
04.04.2016
Teikninga er tydeleg: Også offentleg finansierte verksemder har gløymt Fadervåret, skriv Anders Folkestad.
Du hugsar det sikkert: Adecco-skandalen i 2011. Det blei avslørt at ein Adecco-driven sjukeheim i Oslo både hadde dumpa løna og brote arbeidstidreglane. For å gjere dette mest mogeleg effektivt hadde tilsette hatt hybel i kjellaren. Og visst nok var denne sjukeheimen lenge eit utstillingsvindauge for vellukka konkurranseutsetting.
Les merRabalder
Slik var det heilt til ein modig tillitsvald varsla om falskneriet. Det blei rabalder. Media var på hogget, og det blei uråd for Adecco å vri seg unna. Dei skjønte at omdømmet stod på spel. Og rett skal vere rett: Etter ei tid blei det inngått eit forlik, visst nok hemmeleg. Men tilsette fekk etterbetaling. Det blei lovd bot og betring.
Likevel, teikninga er tydeleg: Også offentleg finansierte verksemder har gløymt Fadervåret, og fell ut i freisting. Liknande