Utnytte arbeidstakarane
Eg har fast jobb, men arbeidsgjevaren min vil ikkje ha meg i meir enn 80 prosent stilling. Bortsett frå om sommaren då. Uansett har eg vore fast tilsett i same avdeling i helseføretaket sidan 2010, og har rett nok fått auka stillinga frå 75 til 80 prosent. Likevel ønsker eg å vere tilsett i 100 prosent stilling, noko som ser ut til å vere nærast umogleg. Eg kunne bytta jobb, men for det første forsvinn ikkje problemet frå helsevesenet av den grunn.
Vi blir heldt i akkurat så store stillingar at vi ikkje kan ha anna arbeid i tillegg.
For det andre har eg ein jobb eg trives veldig godt i. Kynismen i denne deltidsproblematikken ligg i at vi blir heldt i akkurat så store stillingar at vi ikkje kan ha annan jobb i tillegg, men klarer å overleve i stillingsstorleiken med å shoppe ekstravakter. Vi har altså for lita stilling til å leve av den åleine, men for stor stilling til å ha ein fast jobb nummer 2.
Eg vil hevde at dette er å kynisk utnytte oss arbeids