INGEN VEKST: Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe åtvarar mot å tru på meir vekst i dei statlege løyvingane til UiO i åra framover. I dag vedtar universitetsstyret budsjettfordelinga for 2018.
Foto: Martin Toft/Uniforum
I dag vedtar universitetsstyret budsjettfordelinga for 2018. Av sakspapira går det fram at universitetsdirektør Gunn- Elin Aa. Bjørneboe innstiller på at Niels Henrik Abels hus og Kristian Ottosens hus skal rustast opp for 65 millionar kvar neste år. Samtidig innstiller universitetsdirektøren på at Historisk museum får 50 millionar kroner. Dei andre store investeringane i areal blir i Det juridiske fakultetet med 20 millionar og 20 millionar til utstillingar i W.A.Brøggers hus i Naturhistorisk museum på Tøyen.
Fylg styremøtet 20. juni direkte her
Pengane kjem inn gjennom mellom anna disponering av 74 millionar kroner frå oppløyste fond. I tillegg vil 100 millionar bli frigjorde gjennom omdisponering av den årlege avsettinga til vedlikehald og investeringar. Dessutan blir det også gjort ei bruksendring ved å setja 46 millionar kroner i ubrukte midlar til byggjeprosjekt og arealdrift.
Satsar på forsking og IT
Den


































































































