Foto: Ola Sæther
Helse- og omsorgsdepartementet ber no odontologi rydda opp for å unngå at det skjer kryssubsidiering mellom spesialistutdanning av tannlegar og spesialisttenester i den
Dette er saka:
- Kvart år tildeler Helse- og omsorgsdepartementet 25 millionar kroner til spesialistutdanninga ved odontologi
- Under opplæringa får pasientar tilbod om behandling til redusert pris av tannlegar som utdannar seg til spesialistar.
- Helsestyresmaktene meiner denne praksisen skjer i konkurranse med marknaden. Den kan derfor vera i strid med EØS-regelverket sitt punkt om ulovleg statsstøtte.
- OD-dekan Pål Barkvoll avviser at dei driv med kommersiell verksemd.
private marknaden. Kvart år tildeler Helse- og omsorgsdepartementet 25 millionar kroner til dei odontologiske spesialisttenestene ved UiO.
I eit brev departementet har sendt Helsedirektoratet peikar det på at Universitetet i Oslo har ansvaret for å sikra at det ikkje går føre seg ulovleg statstøtte ved at desse pengane blir brukte til å subsidiera spesialisttenester som ikkje er lovpålagde. Tilskotsmidlar til spesialistutdanning av tannlegar skal nemleg ikkje brukast til dette, understrekar ekspedisjonssjef Petter Øgar og avdelingsdirektør Kjell Røynesdal i eit brev til Helsedirektoratet. Eitt av krava dei stiller, er at odontologi må føra to skilde rekneskapar for dei to tenestene.
- Fører til meir byråkrati
Dekan Pål Barkvoll synest kravet frå Helse- og omsorgsdepartementet er urimeleg.
- Kravet om separate rekneskapar for utdanning av spesialistar og spesialisttenester som blir tilbydde i ein marknad, vil føra til meir byråkrati og ikkje til avbyråkratisering, slik Kunnskapsdepartemetet


































































































