Det låg ikkje i korta at Svein Stølen (57) skulle bli kjemiprofessor og rektorkandidat ved Universitetet i Oslo. Arbeidarsonen frå Fredrikstad begynte på realfag på UiO fordi han
Svein Stølen:
â 57 år
â Professor i kjemi og prodekan ved MN-fakultetet
â Tilsett ved UiO sidan 1991
â Gift, tre søner
â Bur på Røa
â Frå Fredrikstad
hadde lærarar som inspirerte han til det på gymnaset.
- Far kom frå Jostedalen i Sogn og begynte å jobba som maskiningeniør hjå vaskepulverfabrikanten Denofa i Fredrikstad. Det var den byen mora mi kom ifrå, og der hadde eg ein god oppvekst.Det blei mykje fotballsparking på løkka gjennom nesten heile året. Kom det snø, sopa me den berre vekk, og så var det råd å sparka fotball igjen. Litt handball og friidrett vart det også, seier han.
Men då han seinare blei far til tre søner, var det ikkje fotballen som fekk førsteprioriteten.
- Dei begynte å spela fotball og handball og etter kvart tok ein av dei til å driva med friidrett. Den mellomste sonen min er faktisk ein lovande sprintar på 100 og 200 meter, fortel han.
I idrettslaget Tyrving er han oppmann for eliteutøvarane i friidrettsgruppa. Og i ungdomsmeisterskapen og i Tyrving-leikane har Svein Stølen brukt ei side av seg sjølv som er ukjend for mange. - Då har eg hatt jobben som speaker, saman med Jo Nesset, som også er speaker under Bislett Games.
- Kona di, Ingvil Gausemel synest du har vore svært flink til å fylgja opp dei tre gutane dykkar?
- Seier ho det? Ja, det har eg likt svært godt. Men det har jammen ho også gjort.
Frå Fredrikstad gjekk turen direkte til Universitetet i Oslo. - Det var eit naturleg val for meg sidan eg ville studera realfag. Men eg hadde aldri vore inne på tanken om at eg skulle bli kjemiprofessor.
Drog til Japan for å få litt luft under vengene
For etter doktorgraden i realfag gjorde Svein Stølen noko som skilde han frå mange andre uteksaminerte d