Bok og bibliotek
09.02.2017
Det er ikkje kvardagskost med søksmål i bibliotekverda, men i fjor skjedde det. Då gjekk Bokbasen til retten for å stoppe ein kontrakt mellom Nasjonalbiblioteket og Biblioteksentralen. Striden handla om metadata til skule- og folkebiblioteka. Saka enda opp med at Nasjonalbiblioteket inngjekk avtale om kjøp av metadata med Bokbasen.
Sidan metadata er ei berande bjelke i biblioteka si kunnskapsorganisering, er det viktig at kvaliteten på dei held høgaste kvalitet og at dei er tilpassa biblioteka og brukarane sine behov. I mange år er det Biblioteksentralen som har vore den største leverandøren av metadata, såkalla BIBBI-data. No er det Bokbasen som har teke over.
Det har førebels vore forholdsvis lite debatt om at Biblioteksentralen vart vraka til fordel for Bokbasen. Men på Biblioteknorge (25.10.2016) skriv Marit Kristine Ådland, høgskolelektor på bibliotekarutdanninga på HiOA: «Eg vert meir og meir nysgjerrig på korleis biblioteka det gjeld stiller seg til dette? (... ) Eit mogleg utfall er kaos i katalogane. »
- Kva meiner du med dette, kaos er et sterkt uttrykk?
- Det moglege kaoset i katalogane er knytt til at metadatakjøpet legg opp til ein mindre einsarta praksis i katalogane, særleg når det gjeld emneord. Nasjonalbiblioteket sitt opplegg inneber to endringar som gjer det potensielt vanskeleg å følgje prinsippet om at dokument med same emne skal ha same emneord. For det første vil bibliotek som skiftar til Bokbasen sine emneord få eit skifte frå eitt emnevokabular til Bokbasen sin tesaurus. For det andre vil ikkje alt nytt biblioteka kjøper bli dekka av postar der denne tesaurusen vert brukt. Dermed må desse postane koma frå ein annan stad, med eit anna emnevokabular. Med Nasjonalbiblioteket sitt metadatainnkjøp har biblioteka valet mellom å akseptera ueinsarta praksis i katalogen, eller å ta jobben med å endra eller laga ein del postar sjølve, seier Ådl
Gå til medietDet har førebels vore forholdsvis lite debatt om at Biblioteksentralen vart vraka til fordel for Bokbasen. Men på Biblioteknorge (25.10.2016) skriv Marit Kristine Ådland, høgskolelektor på bibliotekarutdanninga på HiOA: «Eg vert meir og meir nysgjerrig på korleis biblioteka det gjeld stiller seg til dette? (... ) Eit mogleg utfall er kaos i katalogane. »