AddToAny

Omdømet ser ut til å auka

redaktør i bok & bibliotek No og då er det ekstra fint å ha minne frå barndomen om ei mor som song Ivar Aasen på kjøkenet: «Til Lags aat alle kann
... ingen gjera, det er no gamalt og vil so vera …» Som når ein skal senda ut lesarundersøking. Men så var det ikkje så skummelt likevel. Eit stort fleirtal av dykk er nøgde med bladet. Og i dei opne svara skriv fleire om gleda ved å finna noko nytt i kvar einaste utgåve. Det er godt å høyra. Men lesarar er som pekingesarar, dei både lograr og knurrar. 2022 kontra 2026 Då eg blei redaktør i 2022, fekk eg ei fersk lesarundersøking i fanget frå forgjengaren min Maria Pile Svåsand. Den hadde 328 respondentar og var gjord av Norstat med tilfeldig utval på ryddig vis. I år blei undersøkinga spreidd på e-post til medlemer i Norsk bibliotekforening, som får Bok & bibliotek som medlemsfordel, og via nettsida, nyheitsbrev og Facebook-post direkte frå redaksjonen, noko som gav 208 respondentar. Det er altså store metodesprik her. Det at ein del av årets respondentar blei rekrutterte via nyheitsbrevet og sosiale medium, kan til dømes ha gjort at fleire av dei som har svart, lener seg litt meir digitalt enn dei som svarte på undersøkinga i 2022 gjorde.
Med dette i mente: Det store biletet er at lite har endra seg i lesinga av papirutgåva du held i handa no. Det er framleis akkurat 85 % som tek vare på bladet ei god stund etter at det er lese – målestokken til Norstat i 2022 var 74 %. I tidsskriftverda er dette viktig, fordi det seier noko om kva bladet betyr for folk.
57 % av dykk les meir enn 15 minuttar i bladet, mot 58 % i 2022. Dette er litt lågt samanlikna med målestokken. Men eit tal som uroar meg meir, er det som handlar om kor stor del av bladet ein har lese. Der meldte 56 % at dei hadde lese heile eller nesten heile i 2022. I den nye undersøkinga er talet 47 %. Blada i 2022 var tynnare (72 sider, mot 80 no). Og layouten var heilt ny då, så kan henda hadde dei nyheitsinteresse på eit anna vis. Men eg veit òg at eg har tendens til å laga
Gå til mediet

Flere saker fra Bok og bibliotek

redaktør i bok & bibliotek Tysdag 14.
Bok og bibliotek 27.05.2026
Kommunekommisjonen skal foreslå endringer i statens styring av kommunesektoren. Et av forslagene er å avvikle 22 øremerkede tilskudd og heller legge midlene inn i kommunesektorens rammetilskudd.
Bok og bibliotek 27.05.2026
Redaktør Eg såg mykje stygt under BIBSYS-konferansen 2026. Eg blei rett og slett litt sjokkert. Eg trudde ærleg tala at bibliotekarar visste betre.
Bok og bibliotek 27.05.2026
Det trenger det ikke å være. Skolebibliotek må ikke sultefôres. Det finnes de som ligner på folkebiblioteket i en mellomstor kommune. Besøker skolebiblioteket hver uke
Bok og bibliotek 27.05.2026
Etter at Stortinget i 2005 stadfesta prinsippet om at bibliotektenester skal vera gratis, har det vel berre kome eitt «alvorleg» forslag om å bryte det, frå FrP i Oslo i 2007.
Bok og bibliotek 27.05.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt