52-åringen frå Lillesand starta med matematikkstudiet på Universitetet i Bergen på 1990 -talet, men det tok ikkje lang tid før han skifta til Universitetet i Oslo.
- Det var her eg hadde alle vennene mine, samtidig som eg synest at det faglege miljøet var best i Oslo. Eigentleg drog eg til Bergen fordi eg av frykt for konformitet ville gjera det motsette av det vennene mine gjorde.
- Alt går
Matematikk-karrieren enda med hovudfag, men då han kom inn på ph.d.-studiet på Harvard University i USA, var det ikkje for å forska på matematikk, men for å ta ein doktorgrad i filosofi. Kva var det eigentleg som hadde skjedd her? For Øystein Linnebo handlar det om ei naturleg utvikling som hadde modna over lang tid.
- Hos meg begynte filosofien å snika seg inn og blei større og større. Eg trur eg valde det eg gjorde fordi eg innsåg at eg brukte lenger tid på filosofi enn på matematikk. Ein annan grunn er at filosofien er så brei. Der får du lov til å halda på med så mykje forskjellig. Der kan du jobba matematisk og med inspirasjon frå historie. Alt går. Matematikken er litt smalare. Der må ein spesialisera seg. Så for meg som var interessert i mange ting, var filosofi eit naturleg val, seier han.
Øystein Linnebo får UiOs forskingspris for 2023 for arbeidet sitt innanfor fagområda filosofisk logikk og matematikken sin filosofi. Det blir også vist til at han har kome med arbeid i språkfilosofi, metafysikk, bevisstheitsfilosofi og vitskapsfilosofi. Priskomiteen understrekar at han arbeider på tvers av fag, og kombinerer teknisk avanserte innsikter på tvers av natur- og humanvitskapane.
For Øystein Linnebo kom det ulike reaksjonar då han fekk vita at han hadde fått prisen.


































































































