Khrono
27.05.2023
Kristian Reinfjord er museumstilsett, og har skrive avhandling om steinteknologi i mellomalderen. Offentleg sektor-ph.d. som han har teke, er ei god ordning for både kandidatar, arbeidsgivar og akademia, meiner han.
- Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?
Les mer- Eg har teke ein offentleg sektor-ph.d. finansiert av Forskingrådet og av arbeidsgivar, som er museet Anno. Så avhandlinga er tett knytt opp til den jobben eg har og til museet sin portefølje innanfor arkeologi og mellomalderarkitektur. Me har eit prosjekt om ruinkonservering saman med Riksantikvaren, og såg at dette arbeidet generte ny empiri som burde vore sett i system. I tillegg ville me jobba med formidling.
- Kan du kort presentera prosjektet ditt?
- Eg har forska på steinteknologien i mellomalderen, og særleg sett på korleis organiseringa av dette arbeidet har skjedd. Eg har sett på både korleis stein vart innført som materiale, på kven som brukte stein og på kor steinen kom frå. Eg har t