Både utviklinga av nordiske velferdsstatar, ekspertane sin påverknad på nordisk politikk, kva som definerer nordisk oppvekst og den nordiske responsar på klimakrise og naturtap er tema som UiO-forskarar som Kalle Moene, Cathrine Holst, Elisabeth Staksrud og Marius Timmann Mjaaland har forska på under paraplyen UiO:Norden. Under avslutningsmarkeringa fekk dei høve til å presentera smakebitar av funna dei hadde gjort.
POESIKOMMENTAR: Slampoet Guro Sibeko kommenterte samfunnssituasjonen gjennom slampoesi under arrangementet i Universitetets aula. (Foto: Martin Toft)
- Me må få nokon til å gi oss ei klimaforståing
Det var eit panel sett saman av Sveriges ambassadør Cecilia Björner, presidenten for Nordisk Råd, Jorodd Asphjell (Ap), Gina Gylver, leiar for Natur og Ungdom, den finske Norden-forskaren Peter Stadius og stortingsreprese