AddToAny

Kampen for humaniora vert ikkje avgjort i fakultetsstyret

Nedbemanninga på Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen inneber eit fagleg tap, men vi gjer vondt verre om vi prøver løyse problemet ved å forkaste det solide kunnskapsgrunnlaget som er utarbeidd, skriv Yngve Flo.
Framlegget til ny bemanningsplan ved Det humanistiske fakultet på UiB vart lagt fram tidlegare i vår, og skulle ha vore avgjort på eit fakultetsstyremøte den 21. mars. Avgjerda er utsett til den 9. mai, etter signal om at rektor kanskje - som uttrykt i Khrono (21.3.) - ville «komme til unnsetning». Bakgrunnen er at fakultetsleiinga har føreslått at 7,5 avgangar ved fakultetet dei neste par åra ikkje skal erstattast. Nedskjeringa råkar i denne omgang sju fagmiljø ved fakultetet, men protestane har vore klårt mest høglydte frå teatervitskap, som ligg an til å tape to av totalt tre faste stillingar.

Reaksjonane frå fagmiljøa på HF og frå støttespelarar utanfor UiB har vore sterke, noko som er naturleg, og som speglar eit verdifullt engasjement på vegner av utsette og sårbare fagfelt. Men mykje av kritikken har etter mitt syn hatt vore urimeleg, og kan i verste fall føre til at problemet vert større enn det allereie er.

Kva handlar så kritikken om? Basert på oppslag i Khrono og andre medium skal eg her prøve å summere opp det eg oppfattar som kjernen: Prosessen fram mot bemanningsplanen har vore udemokratisk, og gjennomført over hovuda på fagmiljøa, vert det hevda. Fakultetsleiinga har gjennom tilnærminga dessutan lagt for dagen teknokratiske haldningar: Økonomi er sett framfor faglege omsyn, og som ei følgje av dette er store fag prioritert framfor dei små. Djupast sett handlar det tilsynelatande om manglande forståing for verdien av einskilde fag, og om mangelfull vilje til å prioritere desse - og dermed òg til å ta inn over seg dei negative konsekvensane av ei nedbemanning.

Skal eg prøve å lese ein strategi ut av denne argumentasjonen, så handlar den fyrst og fremst om å delegitimere heile kunnskapsgrunnlaget for bemanningsplanen. Om dette lukkast, har ein skapt ein situasjon som dels gjer det lettare å argumentere for at HF på eitt eller anna vis bør overstyrast eller overprøvast ovanfrå eller utanfrå, og som dels gjer det lettare å hevde at medlemene av fakultetsstyret trygt kan overlate heile avgjerda til magekjensla.

Kvifor er eg uroa over at ein slik strategi kan vinne fram? Det har mange årsaker, men lat meg vere open på mine eigne motiv: Eg er fagkoordinator for historie, eit fag som etter tilrådinga ikkje får drege inn stillingar i denne omgang, men som i likskap med andre fag i same situasjon står utsett til om kunnskapsgrunnlaget vert forkasta. For fem år sidan skulle fakultetsstyret òg vedta ny bemanningsplan i ei økonomisk pressa stode, og den gong var det nettopp historie som i siste sving og i strid med kunnskapsgrunnlaget og tilrådinga måtte gje opp ei av sine stillingar - til fo

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt