Khrono
23.03.2023
Utsynsmeldinga legges fram fredag. Det er eit pussig paradoks at det vert iverksett tiltak som kan ha langsiktige negative konsekvensar, allereie før ein veit kva han skal syne, skriv leiarane i Akademiet for yngre forskere.
Regjeringa skal legge fram ei melding som tek føre seg å kartlegge behovet for kompetanse i arbeidslivet. Denne har fått namnet ' utsynsmeldinga '. Utsynsmeldinga spring ut av at regjeringa ønsker å kartlegge behovet for kompetanse i arbeidslivet. Målet er, i følgje regjeringa å dekke arbeids-og samfunnslivets kompetansebehov framover, og sørge for at innbyggjarane i landet har tilgang til relevant utdanning. Samstundes er det andre parallelle prosessar som pågår, så som kompetansefagutvalget som under leiing av Sveinung Skule skal frambringe ei fagleg vurdering av det framtidige kompetansebehovet.
Les merDet er ikkje lett å vite kva som vert framtidas kompetansebehov. Dei færraste av oss har ei krystallkule som kan gje oss svar, og det «knytter seg stor usikkerhet til hvilke kompetanser, utdanninger og yrker som vil kreves for å utføre fremtidens arbeidsoppgaver» (Holden-utvalget, NOU 2019:2-Fremtidens kompetansebehov). Store og raske utviklingar i mellom anna teknologi gjer også at ein


































































































