Det seier professor ved Norsk senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo, Nils Butenschøn. Han er ein av forskarane som blir trekt fram og skulda for antisemittisme i professor Torkel Brekkes nye bok «Ingen er uskyldig - antisemittisme på venstresiden».
Brekke vil ifølgje forlaget vise «hvordan deler av venstresiden har dyrket konspirasjonsteorier om jøder og hvordan sovjetisk holocaust-revisjonisme ble spredt i norsk offentlighet».
Butenschøn blir av Brekke peikt på ein av representantane i kraft av det han skreiv som redaktør i det venstreradikale tidsskriftet Palestina Nytt i 1976. Der støttar og legitimerer Butenschøn, ifølge Brekke, terror mot sivile israelarar.
- Det gjorde eg sjølvsagt ikkje, og konklusjonen hans kviler på svært tynt grunnlag.
Butenschøn presiserer at han ikkje har lese heile boka til Brekke, men fått lagd fram dei delane som omhandlar han av Khrono. Han karakteriserer det som «useriøst» og «forkasteleg».
Brekke meiner på si side det ikkje er grunn til å ta kritikken alvorleg:
- Det er svært urimeleg når Gule og Butenschøn vil ha dette til å handle om deira følelsar. Dette handlar om norske jødar, som opplever at tilværet i Noreg blir litt mindre trygt av retorikken deira, seier han.
- Selektiv framstilling
Butenschøn seier det han skreiv handlar om at palestinarane p


































































































