- Eg hadde jobba i rusfeltet, og vart då nyfiken på overforbruk av medisin hos andre, som eldre personar. Dei har større sjanse enn andre for å verta sjuke, men når treng ein medisin, og kva er det ein behandlar? Då eg jobba i heimesjukepleien, oppdaga eg at mange av brukarane fekk sovemedisin. Eg ville vita meir om dette, så eg søkte ei stilling knytt til prosjektet [email protected] ved Universitetet i Bergen.
- Kan du kort presentera prosjektet ditt?
- Dette har vore ein randomisert, kontrollert studie. Kommunane Bergen, Bærum og Kristiansand har tilsett ein demenskoordinator for å gjera helsetenester meir tilpassa både personar som har fått demens og deira pårørande. Å vera pårørande for denne gruppa pasientar kan vera krevjande, og målet var at demenskoordinatoren skulle kunne vera eit b


































































































