Khrono
09.03.2023
Høgskulen i Volda vil gje toppleiarane utvida fullmakter til å avgjere saker som ikkje kan vente på styrehandsaming. Samstundes vil dei gjere direktøren einerådande i økonomisaker.
Dette er endringar som kjem fram i sakspapira til det komande styremøtet ved Høgskulen i Volda. Framlegget kjem etter at styret i novembermøtet vedtok at delegeringsreglementet skulle reviderast.
Les merHeilårsfullmakt
Ein viktig del av endringane handlar om kva mynde som høyrer heime i rollene til rektor og direktør.
Her vert det gjort framlegg om å endre fullmakta til rektor og direktør i saker som ikkje kan vente på styrehandsaming. Dette er den såkalla «sommarfullmakta», som til no har vore i kraft mellom det siste styremøtet i v


































































































