Vi er Nordens største forsikringsselskap, så trendar hos oss bruker å gje ein indikasjon på kva som skjer i bransjen.
Andreas Handeland, If
- Det er lite som tydar på at desse kundane teikna forsikring andre stader. Det ser heller ut til at dei har kansellert for å spare pengar i ei tøff tid, som eitt av mange sparetiltak, seier kommunikasjonsdirektør Andreas Handeland.
Han understrekar at dette er ei bransjeutfordring.
- Vi er Nordens største forsikringsselskap, så trendar hos oss bruker å gje ein indikasjon på kva som skjer i bransjen.
- NATURLEG AT FOLK VIL SPARE
Mot slutten av 2022 roa det seg litt med kanselleringane, fortel han. Då såg selskapet ei dreiing mot at kundane heller tok kontakt og fekk gjort justeringar på dekninga si.
- Vi er mykje ute og kommuniserer at det er nettopp i tøffe tider at forsikringa kan bli ekstra aktuell, og vi oppmodar folk til heller å ta ein gjennomgang og nedjustere dekninga litt, i staden for å seie opp forsikringa. Dette er det mange som lyttar til.
FLEIRE KANSELLERINGAR: I 2022 opplevde If fleire forsikringskanselleringar enn året før, men det roa seg på slutten av året. - Vi oppmodar folk til heller å ta ein gjennomgang og nedjustere dekninga litt, i staden for å seie opp forsikringa. Dette er det mange som lyttar til, seier Andreas Handeland. (Foto: If)
Han presiserer at det ikkje berre er folk med dårleg råd som tar kontakt.
- Med det politiske og økonomiske biletet vi ser i verda, er det naturleg at folk ønskjer å sjå kvar dei kan spare inn. Kundane skal alltid kunne kontakte oss og få god hjelp, slik at dei har god oversikt over


































































































