Utgiftene har dei sist åra stige kraftig, både på grunn av auka publisering og fordi tidsskriftsforlaga har heva prisane for dei såkalla publiser- og lesesavtalane.
No tar Universitetet i Oslo grep for at rettane til forskarane blir oppretthaldne og for å få kontroll med utgiftene, samtidig som krava til blir oppfylte. Betre kontroll med auka utgifter er også eit bakteppe her. Det er grunnen til at Universitetsstyret 6. desember altså samrøystes vedtok innføring av (institusjonell rettighetspolitikk) med det engelske omgrepet Institutional Rights Retention Policy (IRRP). Det gjer det mogleg for UiO å leggja til rette for at krava om open publisering skal kunna oppfyllast gjennom eigenarkivering.
Ulike modellar for vitskapleg publisering
Dei mest kostbare modellane for open tilgang er såkalla gull og hybrid. Gull open tilgang er reine, opne tidsskrift som vert finansierte gjennom forfattarbetaling, og på engelsk vert det klassifisert som author processing charge (APC). Hybrid vil seia at ein kjøper fri enkeltartiklar i tradisjonelle abonnementstidsskrift som ikkje er opne. Det er slike tidsskrift som inngår i overgangsavtalane med forlaga, altså publiser- og leseavtalar. Målet er at desse tidsskrifta skal endrast til å bli opne, men etter institusjonane si oppfatning viser det seg at dette går for sakte.
No ynskjer UiO og Universitetsbiblioteket å retta merksemda mot andre og langt rimelegare modellar.
Ein viktig og meir berekraftig modell for open tilgang er den grøne. Den handlar om eigenarkivering av artiklar i UiOs eige vitenarkiv DUO. Der kan forskarane publisera anten den endeleg publiserte artikkelen eller ein forfattargodkjent versjon. Hybridmodellen vil heller ikkje innfri krava for forsking finansiert av EU eller Plan S etter 2024.
Skal jobba nasjonalt


































































































