Det skjedde etter at UiO den 6. juli i år sende ein førespurnad til Kunnskapsdepartementet med ei oppfordring om å få grønt lys til å overta fleire tomter som UIO i dag må betala 9 millionar kroner i årleg festeavgift for til Opplysningsvesenets fond. Kontrakten mellom UiO og Opplysningsvesenets fond er evig og kan ikkje seiast opp. Først i 2040 vil det vera mogleg å forhandla om storleiken på festeavgifta. Om UiO hadde kome seg ut av festekontrakten i 2023, og fått overtatt dei festa tomtene vederlagsfritt, ville UiO har spart 162 millionar kroner fram til 2040.
Avviste førespurnad frå UiO
Til saman står det universitetsbygningar som utgjer 70 000 kvadratmeter på desse tomtene på Nedre Blindern. Blant dei bygningane som står heilt eller delvis på desse tomtene er Helga Engs hus, Geologibygningen, Farmasibygningen, ZEB-bygningen, Fysikkbygningen og Kjemibygningen. Sjekk alle bygningane her:
Førespurnaden frå UiO om universitetet kun


































































































