Gunnveig Grødeland er svært tydeleg.
Seniorforskaren ved Immunologisk institutt ved Universitetet i Oslo har vore mykje i media dei siste par åra. Ho var òg ein av dei første som erklærte koronapandemien for avslutta. For dei fleste er pandemien over, sa ho allereie tidleg i januar i år. 12. februar fjerna regjeringa dei aller fleste tiltaka.
Det er kanskje vanskeleg å hugsa no, med julegateopningar og juleavslutningar og kjøpesenter fulle av julehandlande menneske. Men førjulstida for nøyaktig eit år sidan såg ganske annleis ut, med skular som igjen stengde - fordi smittetala var skyhøge. Men færre vart alvorleg sjuke.
Kor lenge Adam og Eva kjem til å vera i paradis? Det er umogleg å seia.
- Ein ny pandemi kan koma i morgon eller om hundre år, seier Grødeland.
- Men ein kan ikkje gå rundt og vera uroa for nye virus. For at det skal verta ein ny pandemi, må det nye viruset tileigna seg evne både til å smitta effektivt og forårsaka sjukdom. Det vil skje ein gong i framtida, men dei fleste nye virusa som kjem vil ikkje ha dei riktige føresetnadane for effektiv smitte.
- Kva har me eigentleg lært?
No er ein altså i ei slags fredstid, sjølv om det framleis er ein god del covid-19-smitte. Grødeland har sjølv hatt sjukdommen minst to gongar, fortel ho.
Men med færre alvorleg sjuke og høg vaksinasjonsgrad er det på tide å bu seg på det som kanskje kjem - ein gong. Då må ein sjå på kva ein har lært av denne pandemien, og vurdera kva som bør gjerast annleis neste gong.
Grødeland er tydeleg på ein ting: Dersom det kjem ein liknande pandemi, bør ein ha ein heilt annan plan for vaksineringa enn ein hadde denne gongen. Som utgangspunkt meiner ho bør ein starta med Oslo-området, rett og slett fordi det er der det bur flest menneske.
- Virus vert spreidde når menneske møter kvarandre. Eg var likevel litt overraska over å sjå at det berre var osloom