AddToAny

UiO får ikkje grønt lys til å overta festetomter på Nedre Blindern gratis

UiO får ikkje gjennomslag for ynsket sitt om å få overta tomtene det festar hos Opplysningsvesenets fond på Nedre Blindern utan å betala for dei. Det går fram av eit svar Barne- og familiedepartementet har sendt til Kunnskapsdepartementet.
Det var den 11. november Uniforum kunne melda at UiO hadde bede Kunnskapsdepartementet om å greia ut om staten vederlagsfritt kunne overta tomtene UiO festar av Opplysningsvesenets fond på Nedre Blindern. Dermed skulle UiO kunne få ansvaret for dei på lik linje med tomtene dei fleste andre universitetsbygningane står på.

Gjeld berre for eigedomar med kyrkjeleg verdi

I eit brev Barne- og familiedepartementet har sendt til Kunnskapsdepartementet og som Uniforum har fått ein kopi av, går det klart fram at det ikkje vil vera mogleg for UiO å overta desse tomtene vederlagsfritt frå Opplysningsvesenets fond.

Det gjeld berre for dei eigedomane fondet har som har kyrkjeleg verdi, medan andre delar av grunnkapitalen i fondet ikkje kan gjevast bort eller brukast opp, er vurderinga i brevet Forbrukar-, trus- og livssynssavdelinga i Barne- og familieavdelinga har sendt til Kunnskapsdepartementet etter at UiO bad om ein slik gjennomgang i juli i år.

Ville ha spart 162 millionar kroner i festeavgift

I dag har UiO ein avtale som går ut på at dei må betala 9 millionar kroner i året for dei tomtene det festar av Opplysningsvesenet fond fram til 2040. Først då kan prisen for festekontrakten reforhandlast, men avtalen er evig og uoppseieleg.

Om UiO hadde kome seg ut av avtalen i 2023, ville det har spart 162 millionar kroner i festeavgift, går det fram av eit brev som universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirektør John Skogen sende til Kunnskapsdepartementet i juli i år. Sidan dagens festekontrakt gjeld frå 2010, vil UiO ha betalt Opplysningsvesenets fond 270 millionar kroner på dei 30 åra fram til festeavgifta kan regulerast på nytt i 2040, er eitt av argumenta dei to toppdirektørane brukar.

Seks bygningar på Nedre Blindern står på festa tomter

Av dei sju bygningane som UiO har på Nedre Blindern, står seks heilt eller delvis på tomtene til Opplysningsvesenets fond. Farmasibygningen, Geologibygningen, ZEB-bygningen og Helga Engs hus står på tomtegrunnen til Opplysningsvesenets fond (Ovf) Størstedelen av Fysikkbygningen og halvparten av Kjemi

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt