Uniforum
15.08.2022
Universitetet i Oslo fell seks plassar frå i fjor og endar mellom dei 67 beste universiteta i verda på Shanghai-rangeringa for 2022. I Norden er UiO på tredjeplass, medan det ligg blant dei 20 beste i Europa.
Shanghai Jiao Tong-universitetets verdsrangering over universiteta er ei av dei to mest prestisjetunge kåringane av verdas beste universitet. Også årets rangering blir dominert av universitet frå USA med Harvard University på topp, tett fylgt av Stanford University og Massachusetts Institute of Technology (MIT). Resultata blei kunngjorde i dag. Dei viser også at det beste europeiske universitetet på denne rangeringa er University of Cambridge som kjem på fjerdeplass i verda. Naboen University of Oxford plasserer seg som nummer sju.
Les merUiO på topp i Noreg og nummer tre i Norden
I Noreg er altså Universitetet i Oslo på topp med ein 67.-plass i verda og ein tjuandeplass i Europa. I Norden gir det ein tredjeplass etter Københavns Universitet på plass nummer 39 og Karolinska Institutet i Stockholm som kjem som nummer 41 på verdsrangeringa.
Av dei beste universiteta utanfor det engelske språkområdet, finn me Paris-Saclay-universitetet i Frank