Uniforum
03.01.2022
Den 16. desember fekk alle UiO-tilsette beskjed om at alle som kan, skal arbeida frå heimekontor. No ber Forskarforbundet om at UiO gir dei kompensasjon.
Straks etter sommarferien begynte dei fleste UiO-tilsette å jobba frå kontoret på arbeidsplassen etter å ha brukt heimekontor i rundt ni månader på grunn av koronatiltak. Studentane hadde også fått tilbake ein god del fysiske førelesingar og eksamenar.
Les merMåtte venda tilbake til heimekontoret
Dette tok ein brå slått den 16. desember, då regjeringa innførte nasjonale reglar for å stansa den omfattande smittebølgja frå omikron-varianten av koronaviruset. Det førte til at alle som kan jobba frå heimekontor, skal gjera det. Studentane måtte også gå over til digitale eksamenar der det var mogleg. Dermed måtte fleirtalet av dei UiO-tilsette venda tilbake til he