Det er den danske stjernearkitekten Bjarke Ingels som saman med partnarar i A-lab, Comte Bureau, Civitas og Menon Economics står bak ei kartlegging av korleis innovasjonsdistriktet Oslo Science City kan bli utvikla i løpet av dei neste 25 åra.
Kronprins Haakon og 600 gjester
I går ettermiddag blei moglegheitsstudien presentert for kronprins Haakon, UiO-rektor Svein Stølen, byrådsleiar Raymond Johansen og administrerande direktør Christine Wergeland Sørbye i Oslo Science City i nærvær av 600 andre inviterte gjester i Oslo rådhus.
- Dette vil gjera Oslo til ein levande og attraktiv kunnskapsby, sa byrådsleiar Raymond Johansen i velkomsttalen sin. Han såg store moglegheiter for Oslo i desse planane.
- Og den fylgjer opp utviklinga av kunnskapsstrategien som Oslo bystyre vedtok våren 2019, slo han fast.
- Dette skal bli eit kraftsenter for kunnskap både nasjonalt og internasjonalt, la han til.
Så viste han til at dette var ei oppfylging av tidlegare milestolpar i norsk industrihistorie.
- Oslo spelte ei sentral rolle i utviklinga av norsk industri gjennom etableringa av Christiania Spigerverk og Nebb langs Akerselva. Og i tillegg kom etableringa av Akers mekaniske verksted. Det gav grunnlag for det norske velferdssamfunnet. No skal me lykkast igjen gjennom eit samarbeid mellom privat og offentleg sektor, var han sikker på.
- Me skal skapa grøne jobbar og finna ei løysing på klimaproblema og andre ting, var