Det var på fredag Uniforum omtalte ei omfattande dansk undersøking av hurtigtesten for korona. Den viste at medan den vanlege koronatesten (PCR-test) fekk 4069 positive svar, klarte hurtigtesten berre å fanga opp 2159 av dei. Statens Serum Institutt i Danmark hadde gjort undersøkinga blant 117 670 personar frå 1. februar til 23. mars i år. Den vanlege koronatesten (PCR-test) fann altså 4069 positive svar, medan den antigene hurtigtesten klarte å finna berre 2159 positive svar i den same gruppa av personar. Det vil seia at 1910 personar fekk tilsendt eit negativt testsvar, sjølv om det kunne påvisast koronavirus i halsen.
Lege Joakim Øverbø på avdeling for Luft-, blod- og seksuell smitte ved Folkehelseinstituttet meiner han ikkje veit nok om den danske undersøkinga til a