Fri tanke
25.01.2021
Ei ulykke i klatreveggen enda godt. Men etterpå grubla Claudia Munksgaard-Palmqvist mykje på kva det inneber å vere menneske.
Snart eitt år har gått sidan Claudia Munksgaard-Palmqvist (27) stod der med andregrads forbrenning i begge hendene, i sjokk over det som nettopp hadde hendt. Det som hadde begynt som ein heilt vanleg dag, hadde fått ei brå vending.
Saman med to studiekompisar hadde ho reist til klatrehallen i Ørsta for ei morgonøkt. Den eine hadde klatra oppover i veggen medan ho stod på bakken og sikra. Så klatra han rundt eit overheng slik at ho ikkje lenger kunne sjå han. Rundt 15 meter oppe i veggen bad han om meir tau, ho ga han det, og så mista han festet og fall - eit langt fall.
EIT LIv I HENDENE
Claudia kunne verken sjå eller høyre kameraten sin. Ho merka berre at tauet stramma hardt og at ho vart løfta frå bakken. Så følgde nokre sekund som ho ikkje hugsar.
- Det neste eg såg, var at kroppen til kompisen min var på veg ned frå veggen. Det einaste som sikra han, var hende mine, fortel ho.
Ho heldt framleis i tauet. Men i staden for å bruke kroppen og taubremsa til å sikre han, heldt ho heile tyngda med hendene sine. Det hadde skjedd ein feil.
Kameraten i veggen ante ingenting. Då han var trygt på bakken igjen, hadde ho djupe brannsår i begge hendene. Eit klatretau kan bli over 100 grade
Gå til medietSaman med to studiekompisar hadde ho reist til klatrehallen i Ørsta for ei morgonøkt. Den eine hadde klatra oppover i veggen medan ho stod på bakken og sikra. Så klatra han rundt eit overheng slik at ho ikkje lenger kunne sjå han. Rundt 15 meter oppe i veggen bad han om meir tau, ho ga han det, og så mista han festet og fall - eit langt fall.