Neppe. Etikkekspert Anne Inger Helmen Borge ser i Khrono for 25. februar likevel ut til å meine at alle typar klager er heilt jamstilte, og må få like mykje merksemd. Ein kunne kan hende vente seg av etikkeksperten at ho sette seg inn i saka ho kommenterer. Men i staden uttalar ho seg som om det er hald i klagen, at det er vanleg at alle som får klage mot seg protesterer, og ho ser ut til å meine at det er kollegaer ved UiS som har uttala seg til Khrono.
Klagen frå sivilingeniør Graeme Dick vitnar ikkje det aller minste om kjennskap til kjeldearbeid, historisk gransking eller tekstvitskaplege prinsipp. Derimot kan alle som gidd å slå opp teksten, som Khrono-redaksjonen hjelpsamt har laga lenkje til, (forskarane sine kommentarar til kalgen ligg inne i blått. Red.mrk.) sjå at klagaren repeterer ad nauseam at det ikkje er mogleg å vere imot den norske kommisjonen av 1981, som er resultatet av den fyrste granskinga av Kielland-ulukka. Dick har ei fullstendig dogmatisk lesing av kommisjonsrapporten frå dengong då, og alt som ikkje samstavar med den rapporten heilt og fullt, er «fabrikkert».
Den dogmatiske haldninga medfører også at han viljes eller uviljes kjem til å feilframstille forhold som har vore diskuterte heilt sidan den franske undersøkingskommisjonens rapport kom i 1985, i og med at den norske staten gjekk til søksmål mot verftet CFEM i Dunkirk. Som altså vart skulda for å vere hovudårsaka til tragedien, i og med ein sveisefeil. Dei norske insisterte på at dette var einaste årsaka, dei franske meinte der var komplekse grunnar til at plattforma velta.
Saka verserte til 1991, då ein må seie at Noreg tapte med overtydeleg margin, ved at kravet om 700 millionar kroner i erstatning vart fråfalle. Den franske kommisjonsrapporten peik